onsdag 25. november 2009

Rystande på Absalong

Tør vi minne om at Den Unge Herr Holm skal spele køntri på førstkomande Absalong? Og når han først har spelt og sunge trusene av publikum, så vil førelesaren ta seg av resten. Det vert underlivsmassasje, vibratorar og hysteriske paroxysmer i store mengder. Omtalt altså. Praktiske øvingar er det enno ikkje avgjort at det skal bli.

I samband med det har Studvest trykka eit intervju i dag, med den skjeggete mannen på biletet. Les det.

Og les meir om arrangementetet her. Det heile finn stad 1. desember, som vanleg på Klar Bar klokka 19.00 og det kostar 50,-. Legg att dine fordommar om 1800-talet ved døra, dette vert dampande heitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar