tysdag 3. november 2009

Sjarmerande argumentasjon

Eg har ein hobby... ein litt underleg hobby. Eg les grusomme nettsider og bloggar, der logikken er eit sjeldan syn og den argumentative teknikken eit symptom på psykiske problem. Ofte høyrer vi skrik og rop om at psykiatrien i landet ikkje har nok ressursar til å ta seg av alle dei trengande, men hadde vi kunne hjulpet alle... så hadde ikkje internett vore like morosamt. Simpelthen. Ved å følgje ein tråd på skepsisbloggen, snubla eg over ein blogg som tydlegvis handlar mest om alternativ medisin og at det er farleg med innvandring - eit tankemønster som ofte går att. Merkeleg nok, så stammar jo mykje av argumentasjonen for alle desse alternative behandlingsmetodane frå naturmedisin i ikkje-vestlege land, men la oss ikkje kreve eit så konsekvent verdsbilete. La oss berre halde oss til det vi får servert. Og det vi får servert er meir enn godt nok til å underhalde mullaen på ein tysdags formiddag. For kven vert vel ikkje sjarmert av følgjande argumentasjon mot auka innvandring til Nord-Noreg:
"Jeg tenker at norge ligger 4-5-6-7 år bak våre naboland i utviklingen. Det har vi bestandig gjort. Da gjør vi vel det når det gjelder innvandring også. Jeg må bare anta at det er verre i Danmark, Nederland og Tyskland enn det er i norge. Alså vil det bli mye verre i Norge om noen år enn det er i dag. Dette burde våre ledende politikere ta inn over seg. Er det ingen i regjeringsbygget som har til oppgave å analysere fremtiden?"
Med slikt på bordet vert vi nok for opptatt med å analysere meiningsinnhald til å kunne tenkje på framtida. La oss no ta ein kikk på dette. Hypotesen er at Noreg følgjer alltid fire fem år etter våre naboland. Altså må det vere verre i våre naboland, sidan dei ligg foran oss. Og sidan det er så ille i våre naboland, så vil det verte verre her om nokre år, fordi vi følgjer jo etter dei.

Æsj. No fekk eg vondt i hovudet her. Det gjer vondt, sjølv for vise mullaer som meg, å ta denslags hardtslåande argumentasjon innover seg. Litt svimmel er eg òg no.

Bloggen har forøvreg adressa "Tobys frie ytringer". Eg trur vi anar kva desse ytringane er fri for.

No. Ibux. Frå den slemme legemiddelindustrien.

15 kommentarer:

  1. Jeg stusser over uttrykket "Norske leger får dette inn med T-sje under utdannelsen" i den siste posten på bloggen du viser til. Er T-skje kodeord for noe?

    Og i serien kodeord - ordbekreftlesen er: unethshe

    SvarSlett
  2. Nei, det er ein veldig spesiell T-forma skjei. Vert nytta når tre menneske skal ete av same suppeskål.

    SvarSlett
  3. Noen mennesker er det synd på. Jeg synes de skal sendes i leire på Svalbard, og så skal plassen deres tas av trivelige hunder med lange, fløyelsmyke ører. Da blir Norge så mye finere!

    SvarSlett
  4. Leir er eg positiv til.

    Litt skeptisk til å la hundar appropriere all eigedomen deira. Eg trur at eigedommen bør verte redistribuert av ein nøytral komitè som forvaltar eit lodd- eller køsystem.

    SvarSlett
  5. Ooh. Det blir stadig festligere. Nå kommer han trekkende med o store vismann G.Edward Griffin også.

    Nesten så man er redd for å avbryte all fotskytingen. Han kunne komme til å flytte den fra munnen.

    SvarSlett
  6. Ja, eg såg dette. Eg sitrar!

    Men blandar vi metaforar her? Om han driv og skyt seg i foten, medan han har foten i munnen, er det vel eit sjølvmordsforsøk? Då er vi vel forplikta til å gripe inn...

    SvarSlett
  7. Bare intellektuelt. Fra gruppen TBE så sjarmerende kalte "intellektuelt ubemidlede personer".

    Og den slags kan man vanskelig hindre.

    SvarSlett
  8. Når jeg leser sånt kan jeg ikke unngå å lure på om det norske skolesystemet virkelig er så dårlig som enkelte mener, eller om det bare er at enkelte ikke kan nås?
    Jeg heller selvsagt mot det siste...

    SvarSlett
  9. Asbjørn: Det er trist. Er det ingen som kan gjere noko? Banke vett i han til dømes?

    Marina: Eg fryktar det same. Difor eg har planar om interneringsleir når eg kjem til makta.

    SvarSlett
  10. Satt faktisk og tenkte på det samme i dag tidlig, inspirert av Dan Browns siste frimureriske ablegøyer. Det slo meg at om jeg noensinne får barn skal jeg "home schoole" dem.

    SvarSlett
  11. Ja, herregud. Tanken har vore tenkt her òg gitt.

    SvarSlett
  12. Oh, hellige hoppestokk!

    DEN bloggen var virkelig førsteklasses underholdning.

    Takker, Mullah!

    SvarSlett
  13. Skulle berre mangle. Vi driv tross alt med folkeopplysing her i moskeen.

    SvarSlett
  14. Dessuten er kreft ein mangelsjukdom. Men tja, tykkjer ikkje arguementasjonen er berre artig. I enkelte debattar fins det ikkje måte på kva logikk som kan bli rådande. Tross alt; sist høst vart det krevd innstramming i asylpolitikken fordi så mange får avslag ("6 av 10 som kjem til Noreg har ikkje krav på trygging." ALARM!). Etter er runde med denne gjekk regjeringa til åtak mellom anna på rettane til einsleg mindreårige asylsøkerar. Sjarmerande argumentasjon kan fort vise seg å ha lite sjarmerande poltiske konsekvensar.

    SvarSlett
  15. Seier du at fordi logiske korstlutningar går ut over vilt framande menneske, så er det ikkje morosamt? Pffft. Festbrems!

    SvarSlett