tysdag 17. november 2009

Snikmyrderi

Skjer jo frykteleg mykje på nerdefronten for tida. Det vil seie spel som eg har lova meg sjølv å halde meg unna så lenge eg har eit tårn av arbeid framfor meg. Her skal alt vente til jul. Ein av dagens godbiter er at Assassin's Creed 2 er sluppen. Oppfølgjaren til eit heller reptetetivt, men sjarmerande spel. I originalen følgde vi ein Hashashiyyin, ein muslims snikmordar frå Alamut sendt av den gamle mannen i fjellet for å tryggje verda mot ein omfattande konspirasjon som inkluderte både muslimar og kristne. Undervegs må ein altså nedkjempe ikkje berre korsfararar og tempelriddarar, men Saladins eigne brave menn. Det heile var artig, men frykteleg repetetivt. Du gjorde dei same tingene om att og om att, for å fullføre dine oppdrag. Og endte opp med å berre orke å spele det i små doser.

Oppfølgjaren lovar meir variasjon. Og det ser ut som ein får det, både i oppdrag og høve til å farte rundt i verda. Denne gongen vert du satt i skorna til ein ung etterkomar av den opphavelege snikmordaren, i Firenze under renessansen. I løpet av spelet avdekkar du ei samansverging sentrert rundt den famøse Borgia-familien, og treff på herremenn som Machiavelli og DaVinci. Eg må ærleg innrømme at eg ser fram til det, noko eg mistenkjer at ein viss skeptikar gjer òg.

For å vete apetitten har produsentane gjett oss ein halvtimes kortfilm, som de kan nyte i sin heilheit her. Den er faktisk ikkje så verst;

13 kommentarer:

  1. Ser frem til? Hvis spillet befinner seg i butikken når jeg skal til byen for konferansevirksomhet torsdag, så blir det med meg hjem. Sporenstreks.

    Det er derfor jeg har PS3, for pokker.

    Ellers var Modern Warfare 2 en nytelse. Skikkelig filmstory og alt anmelderne har sagt. Unntatt at de glemte å fortelle hvor kort tid selve den delen av spillet tar.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lest så mange MW2 omtaler, men alle spelanmeldarane har sagt til meg at den biten er kort. Forbanna snokane prøver å lokke meg til å kjøpe.

    Wræl!

    Og ikkje faen om eg skal ha AC2 før jul! NEI!

    Eg skal jobbe! Skrive! Førebu vibratoforedrag!

    Så kan eg heller spele originale MW multiplayer i ledige stunder. For det er difor eg har xbox 360 ;-)

    SvarSlett
  3. Du spiller gjennom hovedstoryen på en litt lang kveld. Kanskje mindre.

    Bare nevner det. Så får man ikke tastaturbetennelser.

    Hvilket minner meg på...

    SvarSlett
  4. Nei, nei, nei, ikkje bli påminna noko no ;-P

    Nei, no skal eg faktisk ignorere alt. Og skrive ein kjapp artikkel om Monkey Island før eg lagar eit blogginnlegg til.

    SvarSlett
  5. Denne hausten blir det rett og slett for mykje, ser eg. For mykje deileg speltøys å kaste seg over og fordjupe seg i.

    Modern Warfare er riktignok ikkje veldig høgt på lista mi, men AC2 har eg lyst på og Batman, Uncharted 2 og Risen like så. Dessutan ligg Ghostbusters og Brutal Legend på hylla og ventar.

    Og all speltid går inn i Dragon Age som berre blir betre og betre. Hikst...

    SvarSlett
  6. Dragon Age står veldig høgt på lista mi når eg har betre tid, og eg har fått stabilisert PCen. Den har byrja å streike att.

    Det er eit spel eg vil vie fleire dagar til. Desse andre er litt meir snasne konsollgreier som eg likar å leike med etter lange arbeidsdagar.

    Og når eg vil skyte sivilie på flyplasser og flybussen føles som eit ork.

    SvarSlett
  7. Uncharted 2 er også storstilt moro. Minstemann plukker opp skattene etter meg nå om dagen - jeg er tydelig ingen skattejeger - men jeg hadde noen utmerket frustrerende, spenstige og actionfylte timer med første runde av spillet.

    (Flyplass-sekvensen med passasjerene er forøvrig oppskrytt. Ikke veldig opprørende. Og for min del ville jeg like gjerne gitt skurken et kuleregn i ryggen når jeg først hadde ham der, men neida... Men det blir morsomt når politiet kommer. Og festlig ironisk etterpå.)

    SvarSlett
  8. Nokon som har erfaringar med Batman: Arkham Asylum utover demoen?

    Testa den og syns det var ganske artig og ikkje reint lite lovande, men så kom ting (les: spel) sånn oppå kvarandre plutseleg og det vart aldri kjøpt inn.

    No kan eg vel enkelt vente på platinum-utgåva for å spare litt peng. Det same gjeld Uncharted. Så får vi sjå om eg lar meg distrahere lenge nok av Dragon Age til at det blir tilfellet med Assassin's Creed òg.

    Godt eg skal ha juleferie...

    SvarSlett
  9. Uncharted 2 er ein av dei få ting eg misunnar PS3-eigarar. Eg tykkjer Sony burde sponse meg med ein PS3 til leiligheita mi, eg som er så snill.

    Og Nintendo burde hoste opp ein DSi. Helst ein rosa, men eg kan lakkere den sjølv ;-P

    Når det gjeld Batman, så finn du omtale av spelet på N4F med eit enkelt søk. Vår anmeldar likte det veldig godt.

    SvarSlett
  10. Denne kortfilmen likte eg veldig godt.
    Bra greier!

    Thomas Von Grunge

    SvarSlett
  11. Jeg skjønner at Farmville på en måte ikke helt når opp her ;>
    Men flere av nevøene mine vet nok hva dere snakker om.

    SvarSlett
  12. Farmville er sikkert søtt det, Svein... du bør kaste deg inn i AC, det er overraskande enkelt. Særleg einaren. Eg vonar eigentleg at toaren er litt meir avansert.

    SvarSlett
  13. Litt mer avansert, men så langt ikke så veldig mye. Men det tar litt tid å komme videre til de nyeste tingene. (For eksempel fikk jeg ikke lov til å ta buen fra en vakt jeg måtte insistere på at tok livet med ro. Ennå.)

    Som alle sier: Bedre og mer flytende oppdragsfunksjon. Nydelig grafikk (selvsagt) og bra med historiske opplysninger om bygg, mennesker og steder. Kule begynnelser på historiene.

    Samme irritasjonsmoment med kontrollene som før, spesielt når det skal gå fort. Og det skal det. Nå skal jeg en liten tur til fengsel for å se etter noe slekt, og lurer på om jeg kanskje ikke skulle hørt på hoiende barn som forlangte alle disse tyveriene. "Notoriety"-nivået mitt er ikke så lavt som det kanskje burde være...

    SvarSlett