onsdag 11. november 2009

Spelrealisme

Eit jag mot meir og meir realistisk grafikk og action er eit kjenneteikn ved spelindustrien. Dette vert ofte satt langt over gode gamle målestokkar som "spelbarhet" og "moro", og får sensurglade nevrotikarar til å hoppe i stolen kvar gong nokon "banar veg" med eit nytt spel. Dette er tilfellet med Call of Duty: Modern Warfare 2, Infinity Ward sitt nyaste krigsspel i den populære serien, som kom i sal denne tysdagen.

Ingen kan seie noko på grafikken i dette spelet. Den er fabelaktig. Så lar vi spelbarheten liggje til side, og så kan vi heller nyte angsten som breiar seg der ute. For realistisk krigføring er i nokre kjelder berre bra dersom folk faktisk døyr, om det skjer i tryggje omgjevnadar på tenåringsrom... så er det skummelt! Dette har distributør Activision skjønt, og lagt fleire åtvaringar inn i spelet og høve til å hoppe over dei meir valdlege segmenta.

Dette hjelp sjølvsagt ikkje på dei mest nevrotiske, der the Daily Mail er først ute med å reagere på kor fæsleg denne valden er. Dei grip sjølvsagt tak i det mest openbare dømet, ein frivillig del av spelet der du tar rolla som terrorist og har høve til å massakrere ei gruppe sivile (Ja, den ideologiske vinklinga i spelet er like diskrè som ei slegge til skrittet på morgonkvisten. Venta du noko anna?). Dette reagerar dei sjølvsagt kraftig på. Og dette skal sjølsvagt takast opp i det britiske parlamentet.

Alvorleg tala; kan nokon fortelje desse folka at ingen vert tvungen til noko som helst? Ingen vert tvungen til å spele dataspel, og ingen vert tvungen til å drepe sivile, verken her eller der... på den andre sida, så har det britiske parlamentet nokre liv på samvitet der ute? Uskuldege og sivile.

Nei, ein kan ikkje stogge at dataspel vert meir realistiske. Berre sjå på denne presentasjonen av Modern Warfare 3, om du ikkje har sett den enno. Her snakkar vi hard realisme!


Utover det må eg ærleg innrømme at eg er frista til å plukke opp MW2 i morgon og erklære Jihad i multiplayeren, men eg hadde eigentleg tenkt å la vere å kjøpe det før jul...

8 kommentarer:

  1. litt vold har vel aldri drept noen?

    SvarSlett
  2. Nei, det har eg alltid sagt! Alt med måtehald! Litt snop er heller ikkje usunt, men mykje snop er.

    Eg har høyrd at overdose vald, kan ha skadlege biverknader, og det kan eg godt forstå.

    SvarSlett
  3. Kan folk (inkludert mullaher) vennligst la være å vise bilder og sånt fra Cod:MoW2?

    Jeg har en jobb å gjøre og har allerede latt være å kjøpe det to ganger. Ved å la være å kjøre innom forhandler når jeg er i nærheten.

    Og ja, det merkes veldig godt. Jeg får spille noe helt annet i kveld.

    SvarSlett
  4. Om eg skal settast på prøve, så skal du òg, Asbjørn! Eg slit med nøyaktig same problem.

    Ikkje før jul... evt Eid.

    SvarSlett
  5. Ikkje før jul, ja. Heh. Det går greit. Har ikkje tid til slikt.

    Ja, nettopp: Fordi eg har kjøpt Dragon Age i staden...

    SvarSlett
  6. Det står òg på lista over ting som vurderast i juletider.

    Eg skal vere flink!

    SvarSlett
  7. Fruen tvang meg med på kjøpesenter i dag. Mystisk nok falt det noe spillgreier ned i en pose. Jeg insisterer på at det ikke var min skyld.

    Men nå spørs hvor mye jobbing det blir i helgen. Jeg har stevne med noen flypassasjerer.

    SvarSlett
  8. Eg skjønner at eg er åleine om å ha sjølvkontroll heromkring, ja. Har vore innom Platekompaniet både ein og to gonger utan å ha falt for synda...

    ... skal klare dette, eg.

    SvarSlett