torsdag 12. november 2009

Stakkars Vampyren i Oslo i kveld!

Er du i syndas bygd utan noko vetugt å ta deg til? Eller har du noko vetugt å ta deg til, men som kan utsettast, kanskje? Ja, då burde du eigentleg flytte stumpen din ned til våre vennar på Kjettersk Kjeller, der vår tvilsomme venn, Arnfinn Pettersen nok ein gong skal fortelje om desse lika sine. Under tittelen Stakkars Vampyren: Blodsugerens vei fra monster til offer, vil han som Noregs leiande vampyrolog fortelje om korleis vampyrrolla har utvikla seg i seinare tid.

Det heile for å feire at boka hans no er tilgjengeleg i paperback, for dykk hengerumper der ute som ikkje kjøpte den då den var å finne i hard innbinding.

Kjenner eg han rett så vert det ikkje så reint lite underhaldande. Og ikkje minste vert det trygt for normale menneske, for mannen har med seg vampyrdreparsettet sitt, og er klar til å ta rotta på ein kvar ungdommeleg gother eller emo som slentrar innom. Eg tykkjer i alle fall det er tryggjande å vete.

Dessutan er det alltid kjekt å høyre på oss folkloristar bable om kva enn vi likar å spesialisere oss i, er det ikkje?

Så ta turen! Det hender på M3 Mat & Bar, i Maridalsveien 3, det byrjar klokka 19.00 og det koster 70 spenn.

4 kommentarer:

  1. Det har eg absolutt all grunn til å tru på :-)

    SvarSlett
  2. Noen bilder ligger nå her: http://lordbassingtonbassington.blogspot.com/2009/11/deejanes-and-dodologists.html

    SvarSlett
  3. Ser ut som om det var god stemning, ja.

    SvarSlett