måndag 16. november 2009

Teologi: Hello Kitty

Hello Kitty, som ein av dei mindre kjende Eldre Gudar, tiltrekk seg eit overraskande stort antal tilhengjarar som ofrar ved hennar sjokkrosa alter. Eller vert ofra, alt ettersom. Hennar tilhengjarar kjem frå heile verda, og alle samfunnskikt, og alle har hatt sin individuelle visjon som har bragt dei til denne grusomt søte gudinna. Men eg spør; er det ikkje noko som manglar her?

Ja, du ser det? Kvar er Hello Kitty-nihilismen? Kvar er det sanne bodskap? Kven tar ansvar for å fortelje bornet om det store intet som Hello Kitty rommer? Denne sanne vakumets Gudinne?

Eg er ikkje reint lite skuffa. Eg mistenkjer at det foregår ein sensur av den rosa grusomheitas sanne bodskap til verda. Det tomme ord. Den hole lovnad. Den dryppande søte død ved verdas ende! Vi bør starte ein kampanje for å gjere evangeliet kjend!

4 kommentarer:

  1. dette er viktig.

    jeg har såvidt sett og hørt om denne Kitty, men aner ikke hva meningen med Kitty er.

    tomhet er tøft?

    SvarSlett
  2. Kitty-teologien er avansert. Ho er eit speglbilete på tomheten vi sjølv produserar i vårt moderne samfunn.

    TILBE!

    SvarSlett
  3. Jeg er litt satt ut av at en så viktig person/chimære i Mullahens kateketiske trosggalleri her blir satt under spørsmål og tvil.
    Er det en religiøs utvikling?
    Er det en personlig krise?
    Er det en test for å prøve oss undersåtters trosstyrke og eksegetiske evner?
    Belær oss, Oh Ærerike?

    P.S: Jeg har ikke sett videoen, jeg er redd for uheldig påvirkning, og våger ikke før Mullahen har gitt den rette tolkning.

    SvarSlett
  4. Som tomhetens Gudinne, så er ho det vi bringer til bordet. Det er ikkje for oss å forstå hennar natur, men å adlyde og bøye oss for henne.

    Å stille spørsmål ved dette nihilistiske vortex er i seg sjølv blasfemisk.

    Vi må akseptere, Svein. Akseptere. Ved rota av vårt hjarte.

    Og ja. Alt er ein test.

    SvarSlett