torsdag 5. november 2009

V - med vassekte spoiler

Som stor fan av originale V av Kenneth Johnson ser eg fram til å sjå kva Jace Hall og dei andre har fått til med sin remake av serien. Ein har jo lov til å håpe at det vert bra, men etter å ha sett dei første 8 minutt av serien sakna eg dei tydeleg politisk motiverte karakterane som var så synlege frå første stund i den originale mini-serien. Ein kan vel ikkje vente anna i desse sterile tider?

Første episode vart vist på tysdag. Og eg skal i næraste framtid sette meg ned og sjå denne. Rapportane hittil tyder på at dei går altfor snøgt fram med å avsløre "skurkane" i serien, og ikkje brukar tid til å byggje opp den same spenningen som i originalen. Dette på tross av at sidan dei har 13 episodar i den første sesongen har langt betre tid til rådighet enn den første mini-serien.

Dette vert skummelt...

Og så, til slutt, ein spoiler!

7 kommentarer:

  1. Hva kom først - V eller David Icke? Dette er et spørsmål som nesten kunne holdt meg våken om natten.

    SvarSlett
  2. Såvidt det er kjend for meg, så kom nok V først.

    Det artige er at øglene ikkje var ein del av det originale konseptet. Det var WB som ville ha romvesen, og ikkje eit fascistparti for å snylte på Star Wars sin popularitet.

    SvarSlett
  3. 13 episoder?? Trodde det kun skulle være 3, jeg var dermed fornøyd med "farten" i historien, om det er 13 episoder så er det en hel annen sak.
    Og jeg sier det igjen.. blå??

    SvarSlett
  4. Har du eit problem med blå uniformar? Tykkjer dei var raffe og fine. Betre enn raude kjeledresser kjøpt på eit eller anna lagarsal ;-)

    Men ja, 3-4 episodar før jul. Så ein lengre pause før resten av sesongen vert vist.

    Eg ramlar av før den tid om det held fram slik som i første episode. Ein ting er at ein slegge slått over hovudet gong på gong ikkje er særleg diskrè, ein annan ting er at eg vil få vondt i hovudet etter ein stund. Og slik var det med skrivinga her.

    Skurkane sprang faen meg rundt og sa: IKKJE STIL SPØRSMÅL VED OSS FOR VI ER SLEMME!

    Vi som faktisk har prøvd å ta over verda, veit at ein går fram med litt meir sjarm og diskresjon ;-)

    SvarSlett
  5. Jadda... atter ein re-make av noko som funka strålande første gongen. Klart det blir bra...

    Eg har heldigvis ikkje latt meg lure denne gongen. Re-makes suger i utgangspunktet hardt og jo betre originalen var jo verre blir remaken.

    Det er eit uttrykk for latskap og bidrar til at vi ikkje får nye klassikarar frå vår eiga tid. Ein uting, er det!

    Ordbekreftelse: anisup. Ein bokstav i frå å stave i klartekst kor re-makes høyrer heime.

    SvarSlett
  6. Remakes kan - KAN - være glimrende. Eksempelvis når det gjelder Battlestar Galactica. Vet heller ikke om det er spesielt mye idetørke i en tid som har gitt oss Rome, Carnivale, Deadwood, Six Feet Under, Sopranos...+++

    SvarSlett
  7. Bad Mynock: Eg trur kanskje vi er litt ekstra gretne i dag? Jupp. Det vert produsert mykje møl, og vi har alle grunn til å vere irriterte. Men avogtil glimtar det til med originalitet. Torchwood: Children of Earth som gjekk på britisk fjernsyn i påska er det beste av sin art eg har sett på tv-skjermen. Nokon sinne. Punktum.

    At det er grunn til å vere skeptisk til denne versjonen av V...? Visst faen. Det har eg sagt heile vegen. Diverre har ikkje produsentane eg har vore i kontakt med hatt høve til å snakke med meg om serien, så eg har vore nøydd å vente på serien. Som alle andre.

    Snirkelsnorkel: Det finnes faktisk gode remakes, ja. The Thing til dømes?

    SvarSlett