måndag 7. desember 2009

Ååååh dei penga!

Det er pengar i vrøvl. Det har eg alltid visst, difor starta eg denne bloggen. Utan at eg har hatt særleg hell med det hittil. Andre er langt meir heldige. Her er det pengar å tene... og ikkje småtteri heller, om ein berre veit å appellere til folks uvitenheit og panikk.

Som til dømes dei ivrige sjelene som står bak Vaksineaksjonen, det vil seie gjengen som helst ser at du ikkje vaksinerar deg mot svineinfluensaen. Helst skal du ikkje vaksinere deg i det heile tatt, om ein skal følgje deira resonnement. For med sine argument har dei meldt seg inn i dette glitrande selskapet av vaksineskeptikarar som er overtydd om at alt vondt kjem av vaksinar. At omfattande, nesten komplett vaksinering, av den vestlege befolking er ei av årsakene til vår gode helse og høge levestandard har ingenting å seie. Pseudovitskaplege argument og konspirasjonsteoriar er godt nok for dei som må stave seg gjennom Donald Duck.

Dette har dei fleste av dykk fått med dykk allereie. De har nok òg fått med dykk at ein av hovudaktørane bak aksjonen er "ansvarleg redaktør" Frank Aune sitt glitrande nettidsskrift Nyhetsspeilet. Ja, for kva byggjar ikkje opp din truverdighet i helsespørsmål at du har støtte frå folk som trur romvesen heng rundt oss til ein kvar tid, at Holocaust aldri fann stad og at 11. september berre er jug frå NWO si side. Om ein skal følgje argumenta til Vaksineaksjonen er det jo òg NWO som står bak båe svineinfluensaen og vaksina. Dei vil kontrollere oss, og først utvikla dei svineinfluensaen (WÆÆÆH! Nokon har patent på eit virus!), som er heilt ufarleg, og så gjev dei oss den dødlege vaksina, som òg inneheld farlege datachipper for å overvake oss (for dei treng jo å vete kvar våre forgifta lik kollapsar?).

Kjend er det òg at ein av hovudmennene bak vaksineaksjonen kanskje er av det litt meir kyniske slaget. I det vaksineaksjonen omtalar som personåtak har Dagbladet avslørt at Kjetil Andreas Dreyer sel ionisert vatn, eller sølvvatn om du vil, som ikkje berre skal kurere svineinfluensaen, men HIV og kreft. Dette var noko å skåle i gitt. Det er godt å vete at ein har alternativ til den dødlege vaksina, då.

Allereie her slår det meg at Dreyer kanskje ikkje har det sterkaste grepet på "vitskaplege fakta"...

Enno betre er det at han driv Network Marketing, som Dreyer insisterar på at ikkje er eit slag pyramidespel. Jo, takk. På dette tidspunktet er han frykteleg truverdig.

Så truverdig er han og Vaksineaksjonen at dei i følgje sine nettsider no har klart å samle inn kr 130 000,- frå 183 personar og organisasjonar. Medan det store fleirtalet av nordmenn allereie har vaksinert seg, samlar aksjonen mot det inn ei lita formue til å... kva? Sponse sydentur for aksjonsgruppa? Ny hytte dei kan gøyme seg på i 2012?

Eg vert sittande og stirre litt på dette talet. Dei har samla inn 130 000,-, til ein aksjon kven som helst kunne ha dreve for minimalt med midlar. Og målet deira er no å samle inn 200 000,-. Og ein av hovudmennene bak aksjonen driv pyramidespel og ulovleg marknadsføring av magisk vatn som skal kurere alt vondt?

Eg trur eg nemnte ordet kynisk. Og eg trur eg gjentar det: Kjetil Andreas Dreyer er ein kynisk svindlar, som burde vore bak lås og slå.

Korleis er det til personhets, herr Dreyer?

6 kommentarer:

  1. Deilig å lese slik glitrende kritikk av vaksineskeptikerene. Takk!

    SvarSlett
  2. Takk, Rachel. Vi gjer vårt beste her i moskeen. Avogtil klarar vi ikkje meir, og når riddarar som "ansvarleg redaktør" Frank Aune og svindlarar som Dreyer viser trynet sitt litt for mykje, så sprekk det sjølv for ein sindig mulla.

    Godt var det å kunne løsne opp med litt etikette for helsing seinare på kvelden.

    SvarSlett
  3. Verste vrøvlet jeg har hørt.... Du rekker ikke Kjetil opp til ankelen en gang... Og det uten at jeg personlig liker ham så veldig godt...

    SvarSlett
  4. Kva i huleste skal eg med ankelen til ein sjarlatan?

    SvarSlett