onsdag 23. desember 2009

Avatar; Camerons forteljarteknikk

Det er jul; sesong for storfilmar frå Hollywood. Og årets mest hypa film er James Cameron sin lenge etterlengta Avatar, eit særs påkosta sci-fi epos frå ein av Hollywoods verkeleg gyldne gullungar.

Avatar foregår halvanna hundre år inn i framtida, og dei no romfarande menneska har snubla over ei rik kjelde av det kjelde mineralet "unobtainium", eller på norsk "utopium" på planeten Pandora. I eit forsøk på å lure rikdommen ut av hendene på lokalbefolkinga opnar dei, biletleg tala sjølvsagt, "Pandoras eske".

Og så langt er dette så blunt som du får det. Ikkje særleg pakka inn, men det vert betre. For alt i alt er Avatar fortellarteknisk elegant og fri frå fjas og tull. Du sett deg ikkje ned og ser eit science fiction epos i von om å få ei grunnleggjande ny forteljing; du har høyrd alle desse forteljingane før, det du vil ha, er desse forteljingane fortald på eit nytt og gripande vis. Og det meistrar James Cameron i Avatar - og mindre burde ein vel faen meg ikkje vente, etter at filmen har lagt på skrivepulten hans i 15 år og godgjort seg.

Du vil lese fleire omtaler av filmen som vil fortelje deg om fantastiske spesialeffektar og nydeleg natur, og alt dette stemmer veldig godt. Dette er så feilfritt som ein kan få det med dagens teknologi, og er i følgje Cameron sjølv årsaka til at ein har måtte venta så lenge på dette prosjektet. Allskens effektar derimot kan ikkje hjelpe ein film utan eit solid manus og ein talentfull regissør ved spakane. Og talent synar Cameron i stort mon i Avatar. Om karakterane skulle vere flate og forteljinga vere lett forutsigbar, så veit han å distrahere oss ikkje berre med vakre vistaer, men med actionsekvensar som heng på greip. Ikkje berre slosskamper, men så enkle ting som klatring og springing i skogen vert viktige forteljargrep Cameron nyttar for å halde på sitt publikum.

Dette tyder ikkje at det ikkje er ei god forteljing i botnen av filmen, eller at karakterane ikkje er truverdige. Det er berre ikkje noko nytt her, og poenget er vel heller at det treng det ikkje vere heller. Forteljinga er god, men det er det forteljartekniske - oppbygging av manuset og stram regi som verkeleg gjer det interessant. Her kan fleire av tidas meir populære regissørar lære litt og kvart; ja, eg ser på deg Peter Jackson, med dine evigvarande helikoptertakningar og pompøse regi av spaserturar over bakketoppar. Du har herved å møte opp på Cameron sitt kontor og kysse hans føtter. Alternativet kan du kysse den mørkaste delen av mi liljekvite rumpe!

Og la oss ikkje gløyme at dette er ein film med Sigourney Weaver, der ho slepp å gjenta rolla som Ripley. Det er alltid bra.

Om det skulle vere noko essensielt å klage på over forteljinga i filmen er det den at den lener seg litt for kraftig på den akk så moderne anti-vestlege sivilisasjonskritikken. Her møter vi det "primitive" naturfolket i pakt med naturen, som kjenner berre fred og fordragligheit, medan dei innvanderande menneska, med all sin teknologi kjenner berre til industri og død. Og blablabla.

Det er greit at det er eit ok poeng, og at ein bør kritisere den vestlege sivilisasjonen si utvikling; kritikk er ein essensiell del av det som gjer den så flott, gitt. Men denne type framstillingar er litt trøyttsame i lengda; og overser òg at ein del "naturfolk" ikkje er så forbanna sympatiske som treelskande hippier likar å tru. Og Cameron burde kanskje spørre seg sjølv om kvar hans karriere hadde vore om ein ikkje hadde kvitta seg med indianarane som budde der Hollywood står no?

Dette er sjølvsagt detaljar som ikkje trekk frå filmen sin underhaldingsverdi.

Avatar er eit sci-fi epos av den typen som skulle ha komen for lenge sidan. Her møter vi ei fullstendig realisert verd som er totalt ulik vår eigen; det er ikkje berre ein granskog eller ein bit av ein jungel i søraust-asia som representerar ein framand verd, men ei verd bygd opp fundamentalt ulik frå grunnen av, med eit eiga økosystem og med unike innbyggjarar. Dette er ikkje framand for science fiction i seg sjølv, det er ein essensiell del av det, som vi altfor sjeldan har hatt høve til å sjå på lerret. Dette har ein funne i litteraturen, i teikneseriar og rollespel. Og ikkje minst i dataspel der denne tilnærminga til science fiction fantasiar har blomstra. Ein kan trekkje parallellar mellom Avatar og fleire populære dataspel, som til dømes Lost Planet, utan å måtte strekke seg så altfor langt. At det har tatt Hollywood så lang tid å skape ein truverdig framand verd, seier vel kanskje noko om kvifor filmindustrien i dei siste åra har blitt aktarutsegla av spelindustrien. Dei tilbyr simpelthen ein betre flukt.

Og la flukt vere stikkordet for Avatar òg. Ikkje for at du skal flukte frå kinosalen, men for at den faktisk tilbyr eit godt gamaldags eventyr i storslått skala. Dette, i motsetnad til utallige kjipe effektfilmar og katastrofe filmar som Hollywood kastar etter oss, er den verkelege årsaka til at vi framleis har store kinosalar i dette landet.

7 kommentarer:

  1. Enig!
    Vi tenkte også over den rimelig åpenbare rasismen i filmen.
    Det var lissom søtt med hvite som sminket seg som "sorte små negerbarn" ca 1930-1940. Er vi ikke litt ferdig med "Vi siviliserte - Du primitiv"?
    Alle sukker "ååååå fine filmen" Jeg syns den var pinlig platt og skrekkelig forutsigbar. Men med aldersgrense 11år, hva annet kan man vente seg? Estetisk pen ja. Men aldeles ikke verdt 1 milliard eller hva det var de brukte på denne produksjonen. De kunne faktisk ha reddet en regnskog for de pengene. *kremt*

    SvarSlett
  2. Så du likte filmen du òg? For om ikkje trur eg du tolkar mine utsegn i vert tenkjeleg meining, for eg koste meg. Fekk akkurat det eg ville.

    Langt kjekkare enn eit par kvadratmeter med regnskog om du absolutt vil trekkje den linja. Ein kan ikkje redde regnskogen ved å kaste pengar på den, tross alt.

    SvarSlett
  3. Takk for veldig godt innlegg MMH. Det ga meg enda mer lyst til å se filmen. Er alltid litt skeptisk til "kritikk av vestlig sivilisasjon" dersom dette måles mot en romantisk størrelse type "pur natur", for det er en tematikk som i høyeste grad ber om nye og mer intelligente angrepssvinkler i så fall. Kill you f***ing darlings. Det er en god leveregel.

    SvarSlett
  4. Nå fikk jeg virkelig lyst til å se filmen. Har vært skeptisk, men du har overbevist meg. Får vurdere om jeg skal se den på kino eller på TV hjemme ...

    SvarSlett
  5. Batty-girl då! Du må innrømme at den var litt gøy, ja? *dytte på*

    Arjuna, heilt klart: det moderne samfunn treng kritikk. Eg mistenkjer historia vil dømme denne perioden som post-sivilisert, men primitive naturfolk sitt ikkje på noko moralsk høgsete.

    Kill my darlings? Oh no... I prefer to kill someone else's.

    Jon: Spring og sjå!

    SvarSlett
  6. Må bare si jeg er helt enig med deg. Fin film, men ingenting nytt under den utenomjordiske gass-giganten, ikke noen "stor" historie, og ikke "dyp".
    Men fin underholdning, og jeg vile gjerne ha en av de flygende dinosaurene man kan ri på!

    SvarSlett