onsdag 16. desember 2009

Dagen det svartna...

Ein ung skjeggete mann med ein viss tilknytting til min identitet, har vore ute og slengt med leppa om venstresida. Først og framst den norske avarten i tida som har følgd 11. september 2001. Han freistar å svare på kvar det vart av systemkritikken, og kvifor brått alle byrja å kaste seg over ville teoriar om korleis amerikanske myndigheitar sjølv stod bak terroråtaka. Og dette etter å ha godta seg med stor iver over at amerikanarane no endeleg fekk smake sin eigen medisin.

Forvirra?

Vonleg ikkje etter at du har lest det rykferske nummeret av Humanist. Dersom du er så gniten at du enno ikkje abonnerar eller gidd å stikke innom Narvesen, har dei hyggjelege sjelene i Fri Tanke lagt ut artikkelen på nett, som smaksprøve på tidsskriftet. I mangel på kommentarfelt får du heller poste sutringa di her, eller sende den per post til dei aktuelle redaksjonane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar