måndag 7. desember 2009

Den romerske salutt, ein guide.

Alle dei tøffe gutane gjer det! Du har sett det! Og du skulle så gjerne vere med sjølv! Berre sjå på desse flotte karane her, desse stolte romerske krigarane;
Er det ikkje vakkert? Dette er den såkalla romerske helsinga, ein arm høgt heva mot himmelen, mot sola, som har vore så populær dei siste to tusen åra. Den har slått an blant folkelege fotballspelarar;
Såvel som blant ivrige muslimar;
Kristne presteskap har òg tatt til seg denne forma for helsing;
Og det same har svenskane.
Tilogmed mine forsvunne hagegnomar har tatt den i bruk (dei lærte den kanskje av meg før dei stakk av?).
Det er ei helsing så universell i sin apell og enkel i utforming, at sjølv barn kan klare det. Og barn helsar gladeleg på det romerske vis.
No lurar du sikkert på korleis du kan helse på same vis når du ankommer din arbeidsstad, eller vitjar familien i jula. I folkeopplysingas teneste tenkjer eg å gje ein kort instruksjon, og med meg til å hjelpe har eg fått Vera Oredsson, den første kvinnelege partileiaren i Sverige. Studer hennar perfekte positur i detalj.
Som de ser, så held ho seg rak i ryggen, og rette bein. Hennar venstre arm strak ned langs sida, i parallell med kroppen. Hennar blikk er stivt og retta framover mot framtida, medan hennar høgre arm står strakt ut frå kroppen, handlata ned med fingrane samla og delvis retta opp mot himmelen. Merk og Vera sin stilfulle klesdrakt, som står i stil med den grasiøse helsinga. Eit knekort mørkt skjørt, og ein nystroken brun skjorte. Eit enkelt svart slips, og eit særs prydande armbind rundt armen fullførar det heile. Om du ønskjer å utføre den perfekte romerske helsinga, skal du ikkje sjå vekk i frå at klesdrakta bidrar minst like mykje som den korrekte kroppshaldninga.

så no har du lært dette. Eg vil takke min modell Vera Oredsson for å ha stilt opp på kort frist. Ho går no inn i pensjonisttilværa frå og med 31. desember, når ho og hennar ekteman Göran Oredsson forlet Nordiska rikspartiet. Samstundes vert det lengstlevande høgreradikale partiet i Sverige oppløyst, etter 53 år i drift. Modellen Vera Oredsson var leiar i partiet frå 1975 til 1978, medan hennar mann var opptatt med å forfatte ei bok.

Våre vennar i svenske Expo presenterar heile partiets stolte soge, i eit nostalgisk lite tilbakeblikk på nokre av Sveriges mest gamaldagse nazistar. Vi ønskjer Vera, og hennar ektemann, lukke til i pensjonisttilværa.

16 kommentarer:

  1. Det skal forøvrig nevnes, synes jeg, at denne formen for hilsen snek seg inn i fascismen via omveier. (Proto)fascisten Gabrielle D'Annunzio - kjent fra okkupasjonen av Fiume og Arditibevegelsen, hadde jobbet som en slags konsulent på en film om romertiden, og mente at de skulle bruke den romerske hilsenen for å gi et skinn av historisk autensitet. Dette tok han med seg da han ble den poetiske lederen for en av de mange avartene av tidlig fascisme (sammen med Eia Eia Alala-tilropet), og dermed ble hilsenen raskt forbundet med svartskjortene. D'Annunzio var forøvrig også den første fascistlederen som ble omtalt som Il Duce. I det hele tatt en spennende karakter.

    SvarSlett
  2. Bør også nevnes at den kontroversielle hilsenen til sine fans kom fra Di Canio, som spilte for Roma-klubben Lazio. Blitt noe tonet ned i det siste, Lazios grums.

    SvarSlett
  3. Vi kjenner godt til Di Canio, Trulster. Ein god mann, på eit bra lag.

    Thule: Fascisme? Sa eg noko om fascisme? Anar ikkje kva det har med dette å gjere. Eg lærar vekk litt etikette, og du kjem dragande med politikk? Rare mannen.

    Utover det så er jo Gabby D'Annunzio ein populær herremann heromkring. Mannen visste å slenge i hengekøye. Ein godt førebilete.

    SvarSlett
  4. Hei, jeg vil ha cred for at det var jeg som tipset deg om bildet av Vera!

    *furte*

    SvarSlett
  5. Du glemte Cobra forøvrig.

    http://farm3.static.flickr.com/2626/3716459254_109b705c16.jpg

    SvarSlett
  6. Så, så, Lord Bassington-Bassington! All ære til deg for rekrutteringa av vår modell Vera. Ho var veldig føyeleg, og oppførte seg pent. Nokre meir detaljar om gårsdagens arbeidsforhold i studio vil du nok neppe høyre.

    Thule, Cobra var ikkje gløymd, men då dette er ein særs populær helsing blant alle kule var eg nøydd å avgrense ting ein stad. Dessutan er Cobra eit litt betent tema i desse dagar, no når Hollywood har lagt dei for og framstilt dei som slemme skurkar i ein ny film. No veit eg korleis Vatikanet har det når Dan Brown smører lefsene sine.

    SvarSlett
  7. Les at Vera vaks opp i det tredje riket, så ho fekk nok god opplæring i saluttering i Bund Deutscher Mädel. Så det er nok ein dyktig læremeister du har funne deg!

    Og det ser ut som om hagegnomane dine viser fram både USAs flagg og noko som ser ut some eit av CSA-flagga. Eit døme på nord og sør i skjønn mellomfolkeleg forbrødring?

    SvarSlett
  8. Vet ikke helt jeg. De er ikke smarte nok til å hilse med samme arm alle sammen, så jeg tror ikke de klarer å bestemme seg hvilket flagg de skal bruke heller.

    Det er få ting som er så lavpannet som en høyreekstremist som tegner swastika feil, og hilser med venstre arm. Eller når norske nynazister lager nettside om Quisling, og staver navnet hans på tre forskjellige måter på en bitteliten nettside.

    SvarSlett
  9. Disse tre eldre damene er allerede i gang med å øve. Som du ser har den lykkelige damen til venstre nettopp fått dreisen på det, mens venninnen i midten fortsatt strever med å holde tunga rett i munnen. Ytterst til høyre står det derimot en deprimert "Helga", som slipper følelsene løs i frustrasjon over ikke å klare å hilse like vakkert som venninnene.

    http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/c/c2/Bundesarchiv_Bild_183-H13160%2C_Beim_Einmarsch_deutscher_Truppen_in_Eger.jpg

    SvarSlett
  10. Sosialisten: Veras periode i BDM satt nok sine spor. Dei er kjend for å ha lært unge jenter god kroppshaldning. Der var det ikkje mykje henging og slenging nei, men rake og strake jente- og kvinnekropper. La oss berre innsjå det, når det kjem til catwalken så var det ingen som trente pikene så godt som BDM. Kudos!

    Hagegnomane mine er ein eklektisk gjeng, for å seie det mildt. Eg saknar dei...

    Thule: No tykkjar eg at du mobbar dei. Dei kan ikkje noko for at dei er dyslektikarar og har koordinasjonsproblem? Takk og pris for at vi har eit skulevesen som tar hand om slike, no. Var ikkje like lett før, nei. Ikkje mobb nazisten min!

    Snirkelsnorkel: Rørande, simpelthen rørande! Takk for at du delte dette biletet, det traff meg rett i hjarterota.

    SvarSlett
  11. Her har vi en blåmand som hilser på samme måte. Er det lov å si blåmann?

    http://www.youtube.com/watch?v=xLM5prPpMpg&feature=player_embedded

    SvarSlett
  12. Næmmen! Så artig å sjå at romersk kultur har nådd heilt ned til Rhodesia.

    Og ja, er det ikkje lov å seie Blåmann? Eg må ærleg innrømme at eg ramla av lasset for kva som var lov å seie og ikkje... :-/

    SvarSlett
  13. Negre altså! Ikke den enkleste hilsen klarer de å gjøre skikkelig!

    Spise misjonærer derimot...
    http://www.youtube.com/watch?v=E5DiZVNlndM&feature=related

    SvarSlett
  14. Eg venter framleis på Blåmannens kokebok: 101 tips for misjonærar under open flamme.

    Eller var eg slem no?

    SvarSlett
  15. Eg hugsar at mammo alltid ba meg dra inn hagemøblane i tre, avdi det var sjanse for at om dei vart regntrkte ville det gå blåmann i dei.

    ...bukken min.

    SvarSlett
  16. Men helste mor di på romersk vis, bukken min?

    SvarSlett