laurdag 19. desember 2009

Den siste julegåva?

Julehandelinnspurten kjem nærare, og desperasjonen byrjar å vise seg i andletet. Dei manglar ei siste gåve, kanskje? Den siste perfekte gåva til personen som er umogleg å kjøpe til; ein far, ei mor, ein bror, ei syster, ein kjæraste eller born. Kva skal ein kjøpe? Ein har kjøpt alt tidlegare? Ein kan jo ikkje byrje på nytt? Jo, ein kan jo det, ein kan kaste seg over legoinnkjøp, men det er ikkje poenget her. Om du lurar på kva du skal kjøpe til dine næraste, så såg eg at min lokale Outland butikk hadde eit par att av desse;
Ja, Victoriana 2nd edition er og blir den perfekte julegåve til nerden som har alt. Kva ventar du på? Spring og kjøp; og er du i Bergensområdet så skal eg heller signere den til mottakaren for deg.

Treng du å vete meir? Omtala er nett lagt ut her.

2 kommentarer:

  1. Din frekkas! Broren min hadde sikkert likt dette der (om det er på engelsk)...men nå er det for sent. Er jo på sørlandet alt...lagt unna all form for sivilisjon.

    SvarSlett
  2. Ikkje min feil at du ikkje tenkte på dette tidlegare, ja, den er på engelsk. Og du kan alltids kjøpe den til bursdagen hans då.

    SvarSlett