fredag 11. desember 2009

Eksamen; mot alle odds

Eg er sperra inne. Eg er sperra inne, og eg ventar på... kva? Henretting? Lauslating? Overlevering til Pandamonium?

Tross dette gjere eg mi plikt! Eg trår til! Og sørgjer for at mine studentar får dei karakterane dei skal ha. Eg manar fram oppgåvene deira, og smørar karakterar på dei med ein gigantisk raud penn.

Og på nasa ein raud klovnenase. For vi tar karaktersetting veldig alvorleg der eg kjem i frå. Det er godt å vete at det vert verdsatt.
I mellomtida høyrer eg rykter om at ei gruppe mujahedin, leia av vår faste lesar Svein, saumfarar Bjørgvin på jakt etter meg, med mål om å frigjere meg. Med makt om nødvendig.

Eg fryktar det vert blodig, og eg vonar at folkets stemme vert høyrd før det kjem så langt. Eg vonar at dei opptøyene eg er sikker på preger det ganske land akkurat no er teikn nok på at eg bør sleppast fri.

Let your mullah go!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar