onsdag 2. desember 2009

Filmsmerter

På dagar der ein simpelthen er for sliten til å arbeide, så vert det gjerne til at ein sleng på ein eller annan film har liggjande. Dette har ført med seg at eg har sett ein del... forferdeleg dårleg film. Filmar som utgjer ei heilt eiga form for smerte. Filmar som trenger inn i hjernebarken og sett klørna i. Filmar som etterlet arr.

Filmar du spør deg sjølv kvifor du vart sittande å sjå, men som du likevel vert sittande å sjå på. Du får ein eller annan pervers glede av det.

Ein slik film var det eg utsatte meg sjølv for i dag. Starship Troopers 3: Marauder. Ja, eg veit. Ein kan ikkje vente noko bra frå ein slik film, og det gjorde eg heller ikkje, men nokre bitar var meir inspirerte enn andre, medan nokre scener heilt klart gjorde manusforfattar/regissør fortent til ein dødsstraff. Skodespelarane døydde jamnleg i scenene sine, så vi ventar ikkje at dei overlevde.

Likevel var det ein liten bit som verkeleg, verkeleg traff ei nerve. Heilt i byrjinga i filmen der krigføringas øverste leiar vart presentert;

Forutan den openbare underhaldningsverdien, så er den heilt openbare parodien på Ashcroft frå den Bush-regimet i USA utruleg deilig. Mannen insisterte på at departementet hans skulle synge hans eigenkomponerte religiøse og patriotiske songer, noko som sikkert var ganske så pinsamt for alle involverte.

Ikkje så pinsamt som at folk faktisk likar denne låta, og ikkje oppdagar humoren. Det uroar meg. Du kan sjå den heile musikkvideoen dei lagte til den her. Det er verdt det. Kanskje.

Og dersom du lurar. Filmen var verkeleg grusom. Grovkorna satire og platt dialog. Sjå den!

2 kommentarer:

  1. Litt mer gitarer og du har en klassisk Manowar-sang :-)

    SvarSlett
  2. Ja? Kan ikkje du berre sette i gang og mikse det?

    SvarSlett