fredag 11. desember 2009

Fridom. Kanskje?

Eg vakna i dag med ei merkjeleg kjensle av å vere fri. Eg såg meg rundt og fann meg sjølv i mi eiga leilighet. Kan det hende PST ansåg fara for å vere over no når Obamarama var over? Gav dei etter for det massive presset frå grasrota; dei valdlege demonstrasjonane som markerte motstand mot politistaten?

Eller... dei siste dagane er tåkefulle... underlege. Kan det hende eg ikkje har vore vekke i det heile tatt? Når eg tenkjer etter så hugser eg at cella var ganske lik der eg er no, men no er eg heime. Kan dette tyde at eg 1) har vore overarbeida og 2) burde flytte frå denne leiligheita?

Eg undrast. Eg undrast.

På den andre sida så er ikkje litt desorientering uvanleg etter at PST og Secret Service har harva over ein. Vi får kanskje aldri vete kva som eigentleg har hendt din mulla dei siste dagane.

Alt eg kan gjere er å late som ingenting, og hive på meg nokre mansjettknappar og ei slipsnål, og pelle meg på julebord.

Om det mot all formodning var stresskapte hallusinasjonar, så har eg løysingar klar. Assassin's Creed 2 er kjøpt inn.

4 kommentarer:

  1. Det var nødvendig med litt forklaring til gutta nå, Oh Mullah, men de kan jo ikke norsk så godt, og de syntes turen til Bergen var gode samfunnsfagtimer. Jeg skal kalle de siste ned fra Tryvann nå, de rota seg bort i noen damer i slalåmløypa.
    Vi er glade du er tilbake i trygghet, Oh Ærerike! Si fra hvis du trenger en innsatsstyrke en annen gang!
    Gutta sier at neste gang stiller de med hvit pick-up, hva de nå mener med det?

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje det nødvendigvis er snakk om enten eller når det gjeld dei to alternativa. Både alternativ 1 og 2 høyres riktige ut på meg.

    Uansett godt å ha deg tilbake.

    SvarSlett
  3. Alternativ 3: Dårlige eksamensarbeid har skapt visse hallusinasjoner. Velkjent fenomen rundt disse årstider.

    Ellers til lykke med rundene i Italia. Det var helt klart årets spill. Er fortsatt, selv om det nå bare er små smakebiter igjen etter fullført oppdrag.

    Nå fantaserer jeg mest om å finne tid til å lage det faglige påskuddet for mer sånt. (Det er mye god okkultur og konspirasjonskultur i spillverdenen, ikke sant? Trenger kulturanalyse?)

    SvarSlett
  4. Svein: Kvit pick-up er alltid ein vinnar ;-)

    Asbjørn: Assassin's Creed 2 fall verkeleg i smak, ja. Storkostar meg. Prøver å ikkje sluke alt før jula.

    Elles er det heilt klart mykje slike godbiter i spelverda. Eg reknar med du for lenge sidan har spelt Gabriel Knight 3? Og Broken Sword-serien sjølvsagt?

    SvarSlett