fredag 18. desember 2009

Heil Honey, I'm home!

"Hitler here. No! Bob Hitler, who do you think?!"

Hitler inviterar Neville Chamberlain på besøk for å diskutere Tsjekkoslovakia, men det plagsomme jødiske naboparet Goldenstein klarar sjølvsagt å rote til planane for Doffen. Eit artig lite innblikk i privatlivet til Doffen og hans kjære Eva, og årsakene til kvifor han tidvis virka så irritert på jødane. Det er diverre ikkje ein dokumentar min gode venn Snirkelsnorkel har klart å snuse opp, men ein britisk komiserie frå 1990 som parodierar den tradisjonelle amerikanske situasjonskomedie. Særleg er det 50-talets naive og familievennlege humor som vert presentert, der ingen ikkje er likandes - alle er gode på botnen. Humoren er så tannlaus at du knapt merkar den.

Det er dei som hevdar at det var kontroversar som gjorde at berre ein episode vart vist, men eg er no ikkje så sikker på det. Medmindre det er kontroversielt at noko ikkje er morosamt i BBC...

Kos dykk med heile den originale episoden.






"Grab hold of der Führer's butt!"

Personleg skulle eg gjerne sett ein rørande julespesial; Christmas at the Hitlers.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar