onsdag 9. desember 2009

I påvente av opptøyer

Eg sitt her på cella mi, og kjenner kvelden komme sigande. I trygg forvaring hjå PST medan Jagland underhaldar celebert kenyansk besøk. Eg veit at der ute mobiliserar folk. Eg veit at folket er i harnisk over mitt fangenskap. Over at eg og Bhatti kan sperrast inne utan grunn, i kraft av å vere uromomentar i auga til den såkalla norske rettsstat.

Eg veit at ein stad der ute sitt unge jenter og lagar plakatar som krev min fridom. På gata vandrar engasjerte frivillige og sankar inn underskrifter som krev det same. Og eg reknar med at nokon har fått Amnesty på bana.

Ja, kva tid som helst ventar eg at folket står utanfor dette tårnet, og roper mitt namn. Og syng den nye hit singelen "Free Mad Mullah" for høg hals. Folket vil ikkje sitte stille og sjå sin helt sperra inne på dette viset. Ikkje når han har eksamensoppgåver å lese, og karakterar å gje.

Men eg vert utolmodig. For kva om dei bestemmar seg for å kvitte seg med meg, før opinionen har vendt seg i mot dei? Kva om dei vil tie meg, før folkets sinne koker over? Kva om dei vil hindre opptøyene som kjem?

Kva om dei gjer ein avtale med sine overherrar i Pandamonium... kva om dei overleverar meg til deira klør! Eg har sluppen unna ein gong i år, men vil eg klare det på ny?

Og medan nattmørket sakte senkar seg, så kjenner eg ein klump av frykt i min mage. Korleis kunne dette skje i tryggje Noreg? Eg sett min lit til dykk, kjære lesarar...

2 kommentarer:

  1. De har iallefall ikke tatt PC'en din!

    SvarSlett
  2. PCen min har konka. Så no er det den lille laptoppen som held meg i live...

    SvarSlett