søndag 20. desember 2009

Oceansize

Eg har ein greie for studentfilmar. Frå THX1138 til i dag, så framstår gjerne studentfilmane som gode frampeik mot kva framtidas filmskaparar vil bry seg om, og kva tema dei kjem til å ta opp. Dei er gjerne òg meir vågale i forhold til bruk av digitale effektar og kor langt dei er villige til å ta eit tema før produsentane og marknadsavdelingane sett sine klør i dei.

I dag vart eg tipsa om Oceansize. Ein nydeleg liten animasjonsfilm laga av fire studentar i fjor, med suverene Lovecraftianske trekk. Berre sett deg ned og nyt denne. Gjerne i fullskjerm.

Det finnes eit hav av slike godbiter der ute, noko Aftenpoften oppdaga i dag, så kanskje eg skal byrje å grave opp nokre av mine favorittar?

1 kommentar: