måndag 28. desember 2009

Porno, Streisand, Chan og Hung

Eg innrømmer gladeleg at eg avogtil er litt for nyfiken for mitt eiga beste. Eg vil vete ting. Eg oppsøker informasjon basert på dei merkelegaste rykte, og eg gjer det med godt mot og eit smil om munnen. Det tross av at det gong på gong har ført meg stadar eg helst ikkje ville vere, og til situasjonar der mi mentale helse vert skaka. Grundig.

Men slik er livet; så når eg snubla over historia om at sjølvaste Barbra Streisand hadde spelt inn ein pornofilm, så var jakta i gang. Etter å ha lagt syltelabbane mine på Kitty and the Stud, òg kjend som the Italian Stallion, den pornografiske debutfilmen til Sylvester Stallone hadde eg fått blod på tann. Alle steinar vart velta, for denne filmen berre måtte eg ha! Eg hadde ikkje noko behov for å sjå den, sjølv om det nok hadde vore eit rimeleg forutsigbart utfall av det heile, det viktigaste var å inneha eit eksemplar av denne kulturskatta! Og vår faste lesar, Svein, etterlys ein rapport frå mi jakt, og den følgjar her.

Det vart mange våkenetter av dette prosjektet...

Og alt til inga nytte. For filmen eksisterar ikkje! Det er eit rykte spreidd av griske pornoprodusentar. Filmen det er snakk om involverar ei dame med langt mørk hår og ei ikkje så lita nase, men det er likevel ikkje Barbra Streisand. Noko ho har vore påpasseleg med å understreke ved fleire høve, og til Playboy innrømte ho at ho sjølv har sett filmen.

Akk, ein mulla vart lei seg.

Heldigvis kom vår alles kjære Jackie Chan meg til redninga! I 1975 gjorde han verda ei teneste og spelte inn Hua fei man cheng chun, på engelsk kjend som All in the Family. Ein frisk liten pornografisk komedie. Og dette innrømmar han gladeleg. Som om ikkje Jackie Chan er grunn nok til å skaffe filmen, så stod òg den no så kjende Sammo Hung på rollelista, som de kanskje kjenner betre som karakteren Sammo Law. Alvorleg tala folkens; de veit kva eg leitar etter no.

Denne måååå eg ha.

6 kommentarer:

  1. Jeg er skuffet med deg, Mullah. Jeg fant også bare rykter da jeg googlet streisand+porn.
    Mangelen på bevis for at dama i filmen ikke er vår Barbara skyldes etter sigende at fotografen var mer opptatt av andre kroppsdeler, og det definitive motbevis skal være et nærbilde av korte fingre - i aktiv bruk - som absolutt ikke liknet på Barbaras lange slanke fingre.
    Jackie Chan er en dårlig trøst, spør du meg, men det ville selvsagt hjelpe med Sammo!

    Jeg vil takke for ditt utrettelige arbeid med å bringe oss i ummahen sannheten, uansett hvilke påkjenninger det innebærer for deg personlig.

    SvarSlett
  2. "Mangelen på bevis for at dama i filmen ikke er vår Barbara", ble vel en setning en norsklærer kan godkjenne helt - ikke. I hvert fall hvis han vet hva han mener....eller ikke?

    SvarSlett
  3. Om du vil ha Streisand-porno er det sjølvsagt alltids rom for at du får henne med på å lage ein amatørfilm med deg, veit du =)

    SvarSlett
  4. Redd jeg ikke har råd til det før tidligst med mars-lønna, Oh Mullah! Men jeg skal sjekke prisen.

    SvarSlett
  5. Kan dere ikke i det minste skaffe dere hver deres Barbara? Greit nok å ha dårlig råd, men...

    SvarSlett
  6. Eg trur nok Barbra vil spele inn ein amatørfilm med ein sjarmør som Svein nesten heilt gratis.

    Og min virtuelle kjærleik, Snirkelsnorkel, får eg dekka av Arjuna.

    SvarSlett