søndag 6. desember 2009

Raud westernkos

Det er søndag, og eg har ikkje vore snill nok med bloggen i det siste, og det er berre å orsake. Så her er det berre å sette i gang å søndagsnerde litt, er det ikkje?

Eg har sansen for Westernfilmar. Sterke menn med fine hattar som veit å sette seg over lova for å tvinge fram rettferd, eller å stikke av med naboens kyr og togbanens gull. Alt ettersom. I min barndom slukte eg westernfilmar rått, alle dei gamle klassikarane med John Wayne og James Stewart og dei andre. Det var fabelaktig moro, og eg vert framleis ikkje lei av å grave dei fram med jamne mellomrom. Likevel er det sjeldan ein ser gode westernar i dag.

Ein annan ting eg har sansen for er Rockstar Games. Deira Grand Theft Auto serie har gleda meg, irritert meg, og gleda meg att. Frå tidlege tullete spel med slakt av sivilie, til meir seriøse forsøk på satire i ein ultravaldsetting. Dei har klart å sjarmere meg, simpelthen.

Så kva no når dei kastar seg over westernsjangaren? Eg anar ikkje, men det har kribla ei stund, og kjem nok til å krible fram til april.

Namnam. Red Dead Redemption. Det klingar lovande, ja? Eg kryssar fingrane for openworld-sprell til hest.

Elles må eg berre leite fram Amstraden att, og fyre opp The Wild Bunch. Eit av tidenes beste tekstbaserte westernspel. Eller var det det einaste, kanskje?

11 kommentarer:

  1. "Mitt navn er Nobody", sier nå jeg! Ingen over, bare "Once upon a Time in the West" ved siden.
    Ja, kanskje "Syv uovervinnelige" også!
    Westerndataspill vet jeg ingenting om, men jeg har sikkert gått glipp av noe ;)
    Ellers må jeg minne deg om ditt ansvar for å underholde oss blogglesere, med den tvilsomme i permisjon og BAD i London!

    SvarSlett
  2. Ja, eg er medvite mitt ansvar, og eg skal skjerpe meg. Har diverre hatt litt kaos på moskefronten, men satsar på å få kontroll på situasjonen no.

    SvarSlett
  3. Har du kanskje hatt problemer med å reise din minaret? :))

    SvarSlett
  4. Nei, det var nok ikkje problemet. Det har vore lite å sjå til sveitsiske tilstander her.

    SvarSlett
  5. Stort sett enig med Svein her.
    :-)
    Men dere har tydeligvis glemt "The Good, the Bad and the Ugly" og "A Fistful of Dollars"
    ;D

    SvarSlett
  6. For meg er det mest eit tilfelle av ingen nemnt, ingen gløymd ;-)

    SvarSlett
  7. "A fistful of dollars" er ikke helt på topp på min liste, og "The good, the bad and the ugly" er litt for lang.
    Og jeg synes ikke "Once upon a time..." er for lang. :)

    SvarSlett
  8. Jeg synes nå fortsatt at Rio Bravo er John Wayne sin beste western. Den er full av humor. Hvem kan vel glemme Stumpy!?

    http://www.imdb.com/title/tt0053221/

    SvarSlett
  9. Jeg hadde glemt Stumpy! :( Shame on me!
    Takk for påminnelsen.

    Jo da, det er nok John Waynes beste, selv om han fikk Oscar for/etter "True Grit".

    SvarSlett
  10. Det er vel også en av de få filmene - kanskje den eneste - der Dean Martin likner en skuespiller.

    SvarSlett