tysdag 1. desember 2009

Rosa gull

Noreg er bygd på ei oljeformue. Oljen, det svarte gull, redda oss frå dugnadsarbeid, visjonar og ein relativ fattigdom. Tidleg gjekk Noreg til det steget å nasjonalisere oljerikdommen i landet og overlot det til Statoil å forvalte gullet som pipla opp gjennom røra på norsk sokkel. Statoil, no StatoilHydro, har forvalta dette ansvaret til den store gullmedaljen, og har ikkje berre verna om eiga pengebinge, men og satt klørna i andre sine pengebinger verda over.

Noko dei har gjort med sang og dans.

Dette har blitt ein trend i den store bedrifta, og når no ei avdeling i Bergen ønskjer å male vårt svarte gull rosa, så vart dette demonstrert til muntre toner på årets julebord.

Utover det tenkjer eg vi lar det stå utan kommentar.

Ingen sei "No homo", no.

2 kommentarer:

  1. Altså: No er det verkeleg Statoil igjen. Det er jo heile poenget med videoen. Nytt namn, ny logo, ny farge. Halloooo?

    :p

    SvarSlett
  2. .... aaaargh... eg klarar ikkje å halde styr på dykk effektive storselskap! De er så jævla framtidsretta og flinke! Alltid nye logoer, namn og avdelingar! *klype kinn* Flinke!

    SvarSlett