søndag 6. desember 2009

Smakebit frå vibratorkvelden

Som de kanskje veit, så haldt eg førre tysdagen eit foredrag om vibratorens historie på min kjære klubb Absalong. Eg har vurdert å kome med eit samandrag av hendinga, og fylle ut med svara på nokre av dei spørsmåla eg fekk etterpå, men det får vi ta seinare om eg har tid. Eg var ikkje åleine om å fri til publikum den aktuelle kvelden, som de nok ser på biletet, for min gode venn, Den Unge Herr Holm haldt sin andre konsert som oppvarming for meg.

Den Unge Herr Holm er ikkje berre ein talentfull teikneserieskapar og illustratør, men han er òg ein gryande køntristjerne. Han skriv og syng sine eigne songer, basert på sitt liv som fattig teikneseriekunstnar og manisk depressiv kunstnar, og medan det kanskje låter litt surt av og til, så er det alltid ærleg.

Etter rykta har han planar om å gå i studio, men i mellomtida sitt han og syslar med opptaka frå konserten som han òg tenkjer å leggje ut, i lag med illustrasjonane. Han har såvidt byrja å eksperimentere med dette, og har lagt ut ein video:

Han etterlys betre verkty å jobbe med enn Windows Movie Maker, så om de har eit tips til han, så gje han ein lyd.

4 kommentarer:

  1. Herlig deprimerende på en slapsete adventssøndagskveld, 12 timer før jeg må på jobb igjen :)
    Hils den unge herr Holm og si at vi vil ha mer, mer, mer!!!

    SvarSlett
  2. Skal eg gjere. Du finn fleire av hans songer på bloggen hans om du blar deg attende. Både frå hans opphald på Kreta og etter.

    SvarSlett
  3. Vi får nok se til å få deg til Oslo snart, tenker jeg.

    SvarSlett
  4. Gjerne det. Skal til Trondheim òg ser det ut som.

    Må tenkje litt på kva vitser som funkar i desse rare byane. Bergenserar har jo best sans for humor ;-)

    SvarSlett