søndag 13. desember 2009

Tigging i kyrkja...

Takka vere ein stram og sober økonomisk politikk har Noreg sluppen unna den verste delen av finanskrisa som har råka verda. Over heile verda vert store og mindre bedrifter lagt ned, eller vert tvungen til å skjære ned, og folk melder seg som arbeidsledige over alt. Bankane surrar, og folk mister hus og heim.

Alt er som det skal vere med andre ord, for kvart tiande år må ein jo ha ei lita finanskrise for å rydde opp. Slik fungerar marknadsøkonomien, og den har vi jo valt sjølv - har vi ikkje?

Sjølv om vi stort sett har sluppe unna, er det framleis dei som vert råka her heime òg. Verst er det tydlegvis for statskyrkja. Ikkje at dei vil innrømme det, no er det jo jul, deira høgsesong og dei må halde maska. Dette på tross av at deira hovudfilial der ute, etter alt å døme verkeleg har nådd botnen. Tilogmed på topsjiktet i hovudfilialen har dei sett seg nøydd til å ty til alternative sett å tene inn pengar på.
Tigging... alltid er trist syn. Særleg når søte småenglar tyr til det...

4 kommentarer:

  1. Vi hadde julekonsert i går, og fikk inn 6759 kroner ved frivillig kollekt ved utgangen! Og så søte som på bildet var ikke vi som sto ved utgangen ;)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Det er ihvertfall langt å foretrekke for tagging i kirken.

    Hvor mange kirker og engler er det i pepperkakebyen forresten?

    SvarSlett
  4. Svein: Kollekt er ein heilt annan ting. Det er jo den normale inntekta til kyrkja. Som tips for eit bra show.

    Bjørn Are: Ja, det er heilt grusomt. Sist eg var i ei kyrkje, var det nokon som hadde tagga eine veggen med heilt tilfeldige tal. Eg var fullstendig sjokkert. Det verste var at den lokale presten simpelthen ikkje brydde seg!

    Eg har enno ikkje vore i Pepperkakebyen... dei som seier noko anna lyg. Det er injuriar! Og eg kjem til å saksøkje dei!

    SvarSlett