Og alt det berre i løpet av eit knapt halvt år i min nye heim.
Det inkluderar utdrag frå arkiva som eg har hatt høve til å snike inn. Eg trur dette må feirast med boller og brus!
| Kva du tykkjer? |
Vi får unnagjort litt blogging i det siste, då vi har planlagd å ta ein liten tulletur til Syndas Bygd frå og med i dag og til fredag, og som på tulleturar flest er det jo uvisst om ein får blogga. Ein siste ting som bør nemnast før avgang er denne kvitringa, eller Twitter som dei seier på finspråket.| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Den nominelt katolske biskopen Richard Williamson er i følgje sikre kjelder på veg til England, etter å ha blitt kasta ut frå Argentina der han har haldt til dei siste åra. No har eg overlatt til min tvilsomme venn Arnfinn å dekke stridighetane rundt han og Pius X-brorskapen (SSPX), og ei oppsummering er etterkvart litt vanskeleg å få til. Det heile koker ned til at det vart litt bruduljar då Vatikanet ville ta tradisjonalistane i SSPX inn att i varmen, og oppheve bannlysinga av dei. Inkludert Williamson som er den mest uttalte anti-semittiske raringen av dei. Williamson gjorde sitt for å gjere prosessen interessant ved å svare på Vatikanets godvilje for han og hans kumpanar ved å stille opp i svensk fjernsyn for å fortelje at ikkje ein einaste jøde vart gassa i hel i dødsleirane. Nei, for Holocaust fann jo aldri stad.| Kva du tykkjer? |
Alle som har vore med på forhandlingar rundt løn veit at det kan gå hardt for seg. Om det er individuelle forhandlingar så er det gjerne eit sterkt press på den enkelte, og i kollektive forhandlingar er det gjerne viktige prinsippar og dei store spørsmåla som står på plakaten. Særleg i kollektive forhandlingar er det lett for at situasjonen kan tilspisse seg, og forhandling vert til konflikt. Ein konflikt som kan vedvare til neste forhandlingsrunde, eller som kulminerar i ein streik, eller, i nokre tilfelle, ein lock-out. Her om kring har vi tatt konsekvensane av dette, og arbeidskonfliktar er sesongbaserte, knytta til særlege tider i kalendaren der slike forhandlingar og konfliktar skal finne stad. Og vi har eit system på plass for å hindre at nokon skal ta skade av at forhandlingane bryt saman. Ein kan gjerne drøfte, og eg gjer det veldig gjerne, klokskapen i ein slik gjennomregulering av forhandlingar i arbeidslivet, og korvidt det gjer oss ute av stand til å gjennomføre ein skikkeleg, og effektfull streik.| Kva du tykkjer? |
Yoda er ein vis mann. Ein mann du kan kome til med dine spørsmål. Dette veit vi frå George Lucas sine Star Wars-filmar. Han er den klassiske asiatiske vismann, som bur utanfor allfarveg, er vanskeleg å kome til og som snakker litt rart. Som asiatar flest. Dei utmerkar seg jo i å snakke rart og kryptisk, og å vere litt kloke.| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Så, alle latar som om dei er overraska over dei siste utsegna, og nokre latar til og med som om dei er overraska over reaksjonane. Siv Jensen har sparka flittig frå seg, og det nedover, mot Noregs muslimske befolking. Desse fæslege andre som kjem og øydelegg hennar kvite, reine og kristne nasjon. Hennar åtak på halalmat i fengselet og andre overgrep mot hennar sarte sensibilitet, er ein vidunderleg nostalgisk kake til dei som har fulgt med i historietimene.| Kva du tykkjer? |
På godt og vondt er vår kultur ein kjendiskultur. Vi dyrkar vår kjendisar som heltar, som halvgudar. Dei er noko betre enn oss, dei har klart det vi ikkje har klart - å fange verdas merksemd. Dette er fullstendig uavhengig av eventuelle talent eller moralsk styrke desse kjendisane har. Det er ikkje det vi ser etter i dei, vi ser simpelthen etter dei som har den magiske kvaliteten. Den kvaliteten som gjev dei merksemd for det dei gjer, den magien som gjer at vi ser til dei for inspirasjon. Denne magiske kvaliteten har songerinna Mira Craig. Og det veit ho. Ho takkar The Secret for sin suksess, ideen om at ein tiltrekk seg det ein vil ved hjelp av tankekraft. Ho har tenkt seg sjølv til suksess. Det ligg noko magisk over dette, og den bakenforliggjande krafta som ho kallar "kvantum fisiks, liksom".Han var riktignok full, men jeg bar gikk bort og banket ham opp. Egentlig er jeg imot vold, men gutter må også ta konsekvensene av det de gjør.Spørsmålet som er naturleg å stille seg, er om Mira Craig òg meiner at kvinner må ta dei same konsekvensane for det dei gjer, eller om det finnes andre regler for slike situasjonar. Hjelp det då òg om mannen er i mot vald, men må slå sin kjære for å lære henne ein lærepenge? Nokon må spørre henne om dette trur eg.
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Dei fleste har fått med seg at diskusjonen om andsverk og fildeling og nett har blussa opp att, og mange har engasjert seg sterkt i dette. Det som starta aktiviteten denne gongen har vore den pågåande rettssaka mot The Pirate Bay i Sverige, og all merksemda denne har fått.Vi har faktisk ikkje planar å om utgje noko fysisk plate i det heile tatt. Vi skal gje vekk musikken vår gratis på nett. Vi tenkte som så, at sidan ein kvar som kom til å høyre musikken vår kom til å laste den ned gratis uansett, så kvifor produsere meir skrot til å fylle opp huset deira med?Og dette er ikkje eit billig garageband, men eit lite orkester som satsar på høg lydkvalitet. Kvar skal pengane kome frå? Dei planlegg eksklusive, storstilte konsertar der dei tar i bruk varehus og liknande som dei kan byggje om. I tillegg vil dei gje ut bøker med historier basert på songtekstene, samt notehefter og alt folk skulle trenge for å spele musikken deira sjølv på sitt eiga vis.
| Kva du tykkjer? |
Babyer... dei kjem godt innpakka. Det heile byrjar med ein skjeggete mulla og ei søt blondine med musefletter.
Når jenta ikkje går med hijab er det lett å la seg frista til å kvitte seg med alle kleda. "Vil du sjå noko stilig?" Spør mullaen, og peiker på sin manndom som no har oppdaga at blondina ikkje er tildekt på sømmeleg vis. Dei to klemmer.
Dei to ramlar over ende og deler ein spesiell type klem som berre skjeggete mullaer kan gje unge blondiner. Denne klemmen kaller ein gjerne eit samleie, eller på fagspråket eit ligg. I denne klemmen prøver mannen for harde livet å stikke hull på blondina - som du ser av teikninga.
Resultatet er at blondina får ein liten mulla inn i seg der han stakk hull på henne. Som oftast i nærleiken av navelen. Dette gjer ho feit og frustrert, for jenter likar ikkje å leggje på seg. Sjølv ikkje stripete genser skjuler at ho har noko i magen.
Overtydd om at blondina har eit akutt tilfelle av luft i magen, og er sprengklar av flatulens, køyrer mullaen til sjukehuset. Der kan legen svøpe henne inn (for å halde inne flatulensen sjølvsagt.)
Men når blondina trur ho skal fise så skjer det noko rart. Ut kjem eit hovud. Ein skalla liten mullaspire stikker ut av hennar private delar. Legen og mullaen stirrar på i vantru medan barnet vinker til verda.N
Når blondina oppdagar kva som har ramla ut av henne, vert ho først særs forundra over kva det kan vere, men ho tykkjer det er søtt. Ho klarar til slutt å overtyde mullaen og legen til å la henne få behalde barnet. Babyen vert så pakka inn, av profesjonelle sjølvsagt, og mullaen og blondina tar med seg babyen heim.| Kva du tykkjer? |
Spelmarknaden er i stadig utvikling. Og nye grensar skal sprengast. Slik er det berre. Det har seg òg slik at ulike kulturar har ulike grenser som skal sprengast, medan her i vesten er opptatt av Grand Theft Auto, kan ein i japan få dataspelseriar som simulerar valdtekt. Og takka vere den globale marknaden kan du alltids få kjøpt denslags på Amazon:Rapeplay is an offshoot of the Illusion series, Interact Play. You, like in previous installments, play as a public nuisance that gets away from captivity and starts scouting for new targets. This time around you find a family of a single mother and her two daughters. You quickly begin your hunt and capture each woman one by one. The gameplay involves an amusing training/disposition system with which to break each respective target to your liking. Watch where you blow your load, or you might get them pregnant!
| Kva du tykkjer? |
Av og til føler eg at denne bloggen ikkje er litterær nok. Eg skriv for mykje om film, musikk og dataspel, og ikkje på langt nær nok om den litteraturen som berørar meg mest. For det er jo ein del av det. Ein Mulla les jo gjerne meir enn berre Koranen, han må berike sitt sinn på same vis som han berikar andre. Her forleden las eg ei strofe frå ei bok frå 1854, som eg fann verdig å vidarebringe.'To the West, to the West, to the land of the free -'
Which means those that white people happen to be -
'Where a man is a man -' if his skin isn't black -
If it is, he's a Nigger, to sell or to whack...
Where the legs of the table in trowsers are drest:
Away, far away, to the land of the west.
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Ein gledens dag er her! Kim har busjda!| Kva du tykkjer? |
Vi lev i ei verd der lesekunsten til stadig er trua av ignoransens sterke krefter. Til stadig vert det meiningslause, hole og uintelligente hylla som eit opprør mot det autoritære, gamaldagse og kunnskapsbaserte. Den klassiske danninga vert fnyst av, og få ser intelligens og lesekynde som synonymt med skjønnthet og attråverde. Det finnes heldigvis von, og ikkje overraskande nok snubla eg over det på verdsveven.
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Sidan Den Unge Herr Holm no har byrja å blogge er det ikkje anna å gjere å ønskje han velkomen, og oppmode alle om å stikke innom den hardt arbeidande teikneseriekunstnaren. Den talentfulle sjela sitt for tida og snufsar med store mengde feber (om eg har forstått det rett) i Hellas, og koker opp den eine teikninga etter den andre i feberrusen.| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Vi var beggje samde om at for ti år sidan hadde vi aldri trudd at vi kunne nå dette punktet. Vi vart sittande og stirre på kvarandre, utan heilt å vete kva vi skulle seie.| Kva du tykkjer? |
Twitter. Twitter. Twitter. Kva er det med folk og Twitter? Denne kvitringa forstår eg meg verkeleg ikkje på. Er det eigentleg nødvendig med så mykje eksponering? Ein slik hysterisk informasjonsflyt? Blogger, Myspace, Facebook og alt anna... Det må vel verte nok snart?| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
Min gode venn Dodofuglen har valt å halde fram i å gjere motstand mot mi omtale av Lewis Carrols Alice in Wonderland. Som faste lesarar har fått med seg, så byrja det med at eg såg likskapen mellom ein musikalsk utgåve av boka og min arbeidsdag. Dodofuglen følte at denne ikkje var god nok og svarte med å leggje ut Rackham sine illustrasjonar frå 1907. Dette kunne eg sjølvsagt ikkje la stå, og eg svarte sporenstreks med å vise til ulike fortolkingar av boka, og satt det heile i kontekst ved å snakke om bokas opphav. Slik som hør og bør, må ein jo då kome innom at Lewis Carrol, eller Charles Dodgson som han eigentleg heitte, var vidkjent for å ta stilfulle bilete av nakne småjenter, Alice der i blant, og at han kanskje hadde eit litt for nært forhold til desse jentene. Dodofuglen brusa med fjæra så godt han kunne, og respliserte med at ein ikkje kan tolke Alice in Wonderland på noko som helst vis, og i det minste ikkje psykologisere det... kvar han vil med det? Vi undrast, så la oss gripe fatt i det.
of Fairy Tales. Ei bok alle burde lese om dei er interessert i denslags - gjerne kortversjonen utan alle eventyra han analyserar. Det Dodofuglen finn verdig å hente frå boka er korleis alle psykoanalyser av folkets sjel basert på Raudhette og Ulven er feilaktige fordi dei baserar seg på ein litterær versjon av folkeeventyret, godt omskreven av Perrault. Så langt, så godt. Her er det ingen protestar frå meg, og eg vil på langt nær seie meg samd i at psykoanalysering av folkegrupper basert på enkelttekster er ganske så søkt, og at poppsykologi har lite i vitskapleg arbeid å gjere. Men kan ein forstå Holbek si bok som avvising av tekstanalysen? Langt derifrå, det er jo nett det som er hans prosjekt. Og om eg tørr påstå det, så trur eg neppe at Bengt Holbek så mykje som snuste på feltarbeid i heile si karriere, han satt lenka til skrivebordet. Dette hindra han sjølvsagt ikkje å kritisere mangelen på feltarbeid, men det er ei anna soge.
2) Eg meiner at ein ikkje kan skilje forfattar frå det litterære produktet, medmindre forfattaren har gjort eit medvite og vellukka forsøk på å ikkje inkludere seg sjølv. Og det, mine venner, er lettare sagt enn gjort. Kvifor skal ein ikkje forvente at Lewis Carrol òg la mykje av seg sjølv att i dette verket han jobba med i så mange år? I ei bok han skreiv om eit jentebarn han kjende godt og haldt kjær?
ikkje det Victorianske samfunnet som heilhet sjølv om dette, lik Carrol, var oppslukt av barn, uskuldighet, sex og fantasiar av ulikt slag.| Kva du tykkjer? |
Det var visst ikkje alle følte at musikalversjonen av Alice in Wonderland var ei verdig fortolking av forteljinga til Lewis Carrol. Deriblant min gode, fjærkledde, venn Dodofuglen, som følte at det var nødvendig å svare med å leggje ut nokre gamle illustrasjonar til forteljinga. Dei var fine dei, men eg må ærleg innrømme at eg opplevde det som ei utfordring. Det kan virke som om han tykkjer at hans versjon av Alice, er betre og meir sannferdig enn den eg presenterte - og dermed, i vidare forstand, at Alice ikkje er ein god parallell til kontorlivet mitt. Dette kan eg ikkje akseptere sjølvsagt, så eg hadde ikkje anna val enn å plukke opp handsken som han kasta framfor meg. Om enn berre for å rufse fjæra til Dodofuglen.
Eit av disse barna var Alice Liddell, den nest yngste dottera til ekteparet Liddell som var venner av Dodgson. Alice skulle får ein spesiell plass i Dodgson sitt liv, og det er henne som romankarakteren Alice var oppkalla etter, og romanen byrja som ei historie Dodgson fortalde til Alice og hennar to systre då ho var 10 år gamal. Biletet til høgre er eit av fleire fotografi Dodgson tok av den lille jenta, og dette er forteljande for stilen han hadde. I løpet av sin karriere skulle han ta eit utal bilete av jenter opp til 11-12 års aldaren heilt eller delvis avkledd, men Alice var spesiell. Forsvunne dagbøker og utrevne sider bidrar til spekuleringa om at det er noko å skjule, og biografane kranglar den dag i dag og motiva for Dodgsons omgang med Liddell-familien. Det forteljast at forholdet braut fullstendig saman etter at Dodgson ønskte å gifte seg med den då 11-år gamle Alice, medan andre meiner at hans omgang med Alice berre var for å dekke over eit forhold til hennar tre år eldre syster.
Var Dodgson pedofil? Er Alice in Wonderland dei perverterte feberfantasiane til Dodgson, ein mann fengsla av Victoriansk sømmelighet? Det ville vere uhyre spekulativt å hevde det, all den tid biografar held fram å drøfte spørsmålet. Så eg gjer sjølvsagt det. Alice in Wonderland er noko griseri! Men ein fabelaktig bok likeeins.| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
| Kva du tykkjer? |
For nokre dagar sidan mottok eg nyhenda om at ein av mine favorittbloggar hadde avgått med døden. Dørene på Norsk Selskap til Drontens Fremme som har vore til jamnleg glede for mullaen og vore eit opphav til mang ein humring inn i skjegget var for evig og alltid lukka.| Kva du tykkjer? |