Eg sitt og kastar blikk ut vindauget, og ser på kva Karlskrona har å by på, og lurar på kvifor det var så viktig for Pandamonium å få meg ut av landet. Eg vonar at nettavisene kan gje meg svaret, men eg har ikkje stort von. Er det berre for å sverte Noreg og Israels rykte og truverde? Ligg det meir bak enn dårleg skjult rasisme? Kanskje det er fordi dei no planlegg å gjere eit innhog i norsk valkamp med synleg rasisme? Dei litt lugubre, og moglegeins lettare tilbakeståande, guteklumpane i Norgespatriotene stiller no til Stortingsval til hausten etter å ha samla inn dei nødvendige signaturane. Dette forklarar alt. Med sitt overdrevne fokus på svart og kvitt tergar slike nasjonalistiske partar dei herskande kreftene i landet, og dei vil reagere med eit auka fokus på at svart og kvitt går i lag. Og kvar kjem svart og kvitt i lag? Ikkje berre på skjønne pusekattar, men på pandaer. Ja, Pandamonium har ikkje berre kuppa den rasistiske rørsla fordi dei deler deira syn på mennesket, men for å terge fram ein pandavennleg anti-rasisme. Så lenge eg er fanga her kan dei gjennomføre sin plan, utan at nokon tar til motmæle og viser konsekvensane av å reagere feil på Norgespatriotenes valkampanje!Eg veit kva du tenkjer kjære lesar - motstandsmann og -kvinne; at dette umogleg kan stemme. At noko er feil. Ja, det er det, men eg har tenkt på nøyaktig det same som du. Eg har grubla hardt på korleis Mira Craig sin slagkraftighet kjem inn i biletet. Dette er jo eit tema vi har dekka tidlegare, men som pressa inntil nyleg har ignorert. Kan det vere tilfeldig at dei vel å trekkje fram saka no når eg er stua vekk? Sjølvsagt ikkje! Tilfeldigheter høyrer ikkje heime i Pandamoniums plan, her er alt nøye planlagd. Den minste detalj er kontrollert, frå drapet på JFK til dumbo-øyra til Prins Charles!
Det er klart at Mira Craig og hennar valdlege tendensar står i stil med Pandamoniums planar for å førebu oss på deira valdlege overtaking av verda. Tenk på det. Mira Craig er ei jente. Og jenter er ofre. Ikkje valdspersonar. Om jenter slår, så framstår dei som barnsleg, og vert soleis uskadleggjort forklarar ein av mullaens gamle kjenningar (Frk. Natland vanka i si tid på same fag som mullaen). Ved å få lydige media til å framstilla Mira Craig som noko anna, så ønskjer Pandamonium å endre vårt syn på offerrolla. For dei sjølv vert framstilt som ufarlege, som søte små kosedyr utan hjerne, nett som Mira Craig. Om ho med eit slag eller to brått kan framstå som kul og modig i stadenfor, kva vil ikkje det då seie for pandaenes rykte når dei sett igang med storstilt og valdleg undertrykkjing av menneske? Og korleis kan vi vere sikre på Mira Craig tener Pandamoniun? Fordi ho er ein ivrig forkjempar for The Secret, ein idè som kokar ned til at pandaer kan ete oss, fordi det er det vi umedvite ønskjer oss. Det er det vi tenkjer på.
Ikkje overtydd? Vel, tenk vidare: Kva er ikkje Mira Craig enn både litt svart, og litt kvit? Ho er som ein panda! Kanskje til og med avla fram til å leie menneskelege stormtropper i undertrykkjinga av den siste rest av motstand mot Pandamonium. Mira Craig i spissen for Norgespatriotene.
Og alt fordi dei har klart å fange meg og smugle meg ut av landet. I Sverige er makteslaus til å stogge dei! Eg må ut her i frå. Koste kva det koste vil. Eg må kome på ein plan. Forslag?

























