Stuttvokste, forfølgde og til stadig offer for vitsar. Nei, vi snakkar ikkje om samar denne gongen, men om dvergar. Ikkje tøffe, skjeggete krigarar som du finn i Dungeons & Dragons og Ringenes Herre, men heilt vanlege dvergar, av typen du fann i fargerike kostymer i kongens hoff. Dei vert ofte sjikanert og framstilt som litt komiske over heile verda, men i Kina har ei gruppe dvergar fått nok og danna sitt eiga lille samfunn. Ikkje noko stor by, men ei lita landsbygd, ein miniputby. Ein dvergeby. Her altså dei kinesiske dvergane kunne slått seg til ro, med ei klar høgdebegrensing for kven som kan finne seg ein heim der. Dei har her sitt eiga dvergepoliti, dvergebrannkorps og dvergebutikkar.Det er likevel dei ting som tyder på at ikkje alt er vel i dvergebyen, då dei tydlegvis er desperate etter turisme. For husa er store sopphus, og sjølv kler dei seg ut som eventyrfigurar. Diverre gjer høgdegrensa det umogleg for Snøkvit å vitje sine gamle vennar.
Dette er uansett eit fascinerande steg å ta, og det viser at segregering ikkje nødvendigvis er diskriminering. Av og til er det den svake part som sjølv ønskjer avstand frå det store fleirtalet. Det er noko til ettertanke for oss integreringsentusiastar.
Dei av oss som alltid er i manko ein dverg når vi skal på fest, veit i alle fall kvar vi skal finne ein neste gong. Ser fram til julebordsesongen no.




















