onsdag 13. januar 2010

Avatar deprimerande?

Ein kan jo undre seg kva som skjer med denne verda, der tusenvis rapporterar at dei vart deprimerte av å sjå James Cameron sin nyaste eventyrfilm, Avatar. Eg har skrive litt om filmen allereie her. At Vatikanet går ut mot filmen og meinar at den er hedensk er ikkje noko overrasking, ei heller at latinamerikanske populistar meinar filmen har noko med motstand mot vestleg imperialisme å gjere. Det er liksom venta når ein film av ein slik storleik dukkar opp på plakaten. Populærkulturen er lett å spå slik sett. Likevel er det jo noko som skurrar når folk følar filmens verd var så forlokkande at dei ikkje lenger klarar å vere i vår eigen.

Ein del pratevillige psykologar kastar seg sjølvsagt over dette, og den vanlegaste forklaringa er at filmens 3D-effekt er så effektiv at det på sett og vis vert vanskeleg å skilje frå røynda, eller verre å foretrekke framfor røynda. Eg delar ikkje denne teknofobiske framstillinga, men nokre tankar er eg no i stand til å gjere meg. Difor stilte eg gladeleg opp i Radioselskapet på P2 i dag, og snakka om Avatar i nokre minutt.

De kan laste ned intervjuet her.

Ein har jo ikkje all verdas tid til å dekkje alt i ein slik snutt, så eg satt og klødde litt i fingrane (eller tunga) til å seie meir om problematikken som vart tatt opp. Først og framst om anti-modernismen som ligg innbakt i det moderne og vår historie. Moderniteten har alltid vore prega av ein kjærleik for det fortidige, og den gyldne tidsaldar som kom før vår industrielle og kalde tilvære. Ein ting er luddismen, noko anna er dei politiske prosjekta som verkeleg har forma den vestlege verda. Særleg dei idealistiske, revolusjonære og seinare totalitære prosjekta. Vi snakkar då om kommunismen, nazismen og fascismen. Medan dette er i allar høgaste grad moderne politiske prosjekt, basert på byråkratisk og sosial rasjonalitet, og ikkje minst industrialitet, så har ikkje argumenta bak alltid vore like utviklingspositive. Nazismen og fascismen er kanskje klarast i sine konservative ideal, særleg om ein grip fatt i hyllinga av det heidenske, det føydale og før-industrielle, men òg venstresidas rampegutt, kommunismen, har nytta sin del anti-moderne retorikk. Attende til jordbruket skulle vi, gjerne under tvang.

Den edle ville står sentralt i Avatar og i modernitetskritikken den fremjar. Han har hatt litt av ein merkeleg posisjon i vår kulturhistorie, frå Den kvite manns byrde til å verte ein førebilete og ein håpefull redningsmann. Som namnet tilseier så var denne skikkelsen opphaveleg ikkje berre god, men òg ein villmann som måtte temmast. Noko vi prøvde å gjere så godt vi kunne, om ein skal tru eldre litteratur. I seinare tid har fokuset nok lagt meir på kor edle naturfolka vesten meir eller mindre utsletta var. Deira kontakt med naturen er noko vi siviliserte har mista, og som vi gjennom samkven med dei (eller minna om dei) skal kunne attvinne. Skadar ikkje med litt dyrevern og miljøkamp oppi det heile.

I forteljingar som Avatar, og førgjengarane som Dances With Wolves, Pocahontas og fleire pinleg like filmar, vert den naturfolket idealisert, medan den vestlege modernitet demonisert til dei gradar at det til tider er vanskeleg å fordøye. Det finnes ingenting positivt å hente frå dei grådige "europearane" frå jorda, ingenting å lære. Alt av verdi er å finne hjå naturfolket. At det må ein "europear", ein jordbuar, til for å frelse dei er ikkje uvanleg. Vårt kollektive dårlege samvit over kolonialiseringa som produserar desse filmane må forløysast ved at ein av oss, ein av dei liberale "europearane" tar til seg naturfolkets lærdom, vert ein av dei, og i kraft av å vere "europear" frelsar dei. Han vert deira Messias.

Men korleis kan det ha seg at folk reagerar så kraftig på ein slik film? Utover at dei er klin sprø og lettpåverkelege, altså? Vel, eg vil ikkje psykologisere. Eg kan berre peike ut nokre fenomen, nokre idear. Som at vi i dag lev i ein hittil utenkt luksus, men òg utan mål og meining, og i enno større grad har høve til å drøyme oss vekk. Vi konsumerar underhaldning, og vi konsumerar flukt. Og dette er ein sentral handling i våre liv. For det andre byr media på to motstridande verdener; den er umoglege situasjonen vår klode er i, med naud, krig og klimakrise på den eine sida, og den enorme glamouren til tv-kjendisar og andre "larger-than-life" personar vi vert utsatt for og tilbode som førebilete. Dissonansen mellom dette, og det verkelege liv er stor. På den eine sida lærar vi at verda er ein grell stad, på den andre sida lærar vi å forstå at det verkelege liv, det som er verdt å leve, er langtifrå vårt eiga. Anti-modernisme og depresjon er ikkje vanskeleg å forstå i ein slik samanheng.

Men eg berre grublar, synsar og mysar. Kva seier de folkens?

13 kommentarer:

  1. Jeg hadde egentlig bare tenkt til å linke til dette bildet:
    http://i21.photobucket.com/albums/b299/kinghippo14/motivatortradition.jpg

    Du inspirerte meg til å skrive litt mer: om at jeg syns tematikken tidvis kanskje er litt vel gjennomskubar, og at det er naivt med så gjennomførbart gode naturfolk.

    Hvis du er interessert:
    http://indigoindigo.wordpress.com/2010/01/13/avatar-samfunnskritikk-og-virkelighetsflukt/

    SvarSlett
  2. At Avatar blir så forlokkende for noen, tipper jeg skyldes at den trykker på mange knapper på en gang. Historiefortellingen er effektiv, fengende, følger boka. Det politisk-romantiske budskapet er velkjent, lettfattelig, og berører en moralsk forargelse som er veldig forenklet, men ikke helt urimelig. Og den spiller, som du jo går i dybden på, på noen velkjente stereotyper. Stereotyper om de andre er betryggende, og bekrefter, selv når de kritiserer, verdien i vår egen identitet.

    Men jeg tror det mest suggerende med filmen nettopp er det man først skulle tro: At den verdenen vi kommer til er så gjennomført vakker, i 3d eller ikke. Det er firøyde hester og staselige flyvedyr der, og vegetasjonen lyser vennlig til deg når du tråkker på den, og de fleste livsformer lever i harmoni og respekt. Filmen treffer også veldig riktig på skalaen mellom det fremmede og det kjente. Vi får nok referansepunkter til å orientere oss, samtidig som vi føler at noe virkelig er annerledes fra det livet vi kjenner.

    Det er med andre ord mange knapper som hver for seg stimulerer oss til innlevelse. Jeg tror jeg ville blitt fascinert av den selv, for noen år tilbake, jeg tror den kunne gitt meg den følelsen, er det sense of wonder man kaller det, jeg noen ganger får av science fiction og fantasy. Men der jeg er i dag kommer den kritiske sansen min i veien, irritasjonen over klisjeer og ideologisk naivitet. Jeg er ikke sikker på om jeg har vunnet noe eller tapt noe på å utvilke dette blikket, det er kanskje like naivt på sin egen måte.

    SvarSlett
  3. Veldig bra, Indigo. Vonar andre tar turen innom bloggen din. Biletet var fabelaktig, og understrek poenget.

    Martinbg: At filmen i stor grad oppfyllar det som lesarar av fantasy og science fiction har ønskja av filmar lenge, er det ikkje noko tvil om... men er det nok til årsake denne dissonansen som forårsakar depresjonen? Eg trur nok dei har eit større problem, og filmen er berre ein katalysator.

    SvarSlett
  4. Jeg tror ditt forslag om at de som blir deprimerte av Avatar ganske enkelt er klin sprø og har problemer fra før av er meget sannsynlig. Filmen var da ikke så forbaska spesiell!

    SvarSlett
  5. Den var pittelitt spesiell, men ikkje spesiell nok til å skape massehysteri.

    Men skapar jo kva som helst massehysteri.

    Eg er fødd i feil århundre *lengte attende til 1800-talet*

    SvarSlett
  6. Massehysteri er vel å ta litt i? La oss nå ikke overvurdere effekten denne filmen har. Klin sprø høres mer nærliggende ut.

    SvarSlett
  7. Jeg hørte nettopp intervjuet på Radioselskapet. Godt jobba, Mullah!

    Jeg for min del likte Avatar svært godt. En spennende og spektakulær eventyrfilm, som med både 3D og digital fremviser ble høydepunktet så langt når vi snakker om effektfilm.

    Historien i seg selv var ganske standard, og jeg skjønte tidlig hvor dette bar hen. Likevel var den så godt fortalt at det ikke trakk ned.

    Da jeg kom ut i vinterkulda etter filmen kunne jeg kjenne at det hadde vært deilig med en liten flytur over det grønne paradiset på Pandora, men man skal være passe blokkert om man aksepterer det glansbildet av en verden som ble presentert. En jungel er en jungel. Full av farer, og hver dag er en kamp for å overleve. Det glemmer kanskje emo-kidsa, hm?

    SvarSlett
  8. Takk skal du ha, Xadhoom. Trur diverre ikkje at den omtalte reaksjonen er begrensa til emo-kids. Hadde det berre så vel.

    Nei, Straume, massehysteri er kanskje ikkje eit bra nok ord. Ein stad mellom masse- og individuelt hysteri er det no ;-P

    SvarSlett
  9. Veldig bra intervju, K.
    Har ikke sett filmen, så kan ikke uttale meg om den, men den depressive reaksjonen noen får av at verdenen som beskrives ikke finnes virker ikke uforståelig på meg. Imidlertid er langvarig depresjon må vel grensen mellom normal og patologisk reaksjon trekkes et sted. At man klarer å skape noe så vakkert at enkelte får en depressiv reaksjon i etterkant sier mer om filmens kvaliteter enn de følende dyrene som vi nå en gang er...

    SvarSlett
  10. Takk kjære. Eg veit ikkje om det er snakk om følande dyr, eller overfølsomme dyr. Dette går litt over hogg og belegg, og kan berre forståast om menneska har meir djuptgåande sjelelege vanskar.

    Noko som ikkje virkar som noko mangelvare om dagen.

    SvarSlett
  11. Tenkte berre eg skulle vere flink og bevise at eg LES her hjå deg innimellom! ;op Og sidan temaet i mine auge ikkje blei ferdigdiskutert over rom og tequila i går, så held eg fram her! ;o)

    La meg fyrst sei: Eg slit med å fatte kva som faktisk inspirierar folk til å halde fram å eksistere, og ja: Eg er eit deprimert individ. Og det har eg vore heile livet, sånn bortimot, rett og slett fordi eg ikkje har likt denne planeta så veldig.
    Om eg er klin sprø? Jepp, og det har eg heller aldri nekta for. Samanlikna med fleirtalet av dei som finst på denne kloden, vel å merke!
    For oss som allereie ER ko-ko, er det mest de andre som er galne...
    Eg ser ikkje korleis klarar å eksistere UTAN trongen til å rømme fullstendig til Eventyrland. Me som alt er der har det nemleg fantastisk fint! ;o)

    SvarSlett
  12. Takk for at du kjem ut av skapet Lukritzia, men det er heilt overflødig. Eg har allereie fått med meg at du slit å forholde deg til den verkelege verda... :-P

    SvarSlett
  13. Var hovudsakeleg eit forsøk på å gjere meg synleg i den avdeling av cyberspace, så du ikkje føler deg oversett!

    ....og sjølvsagt slå eit slag for alle andre av mitt rase! ;op

    SvarSlett