fredag 29. januar 2010

Fotball

Fotball. Eit mysterium for meg. Som mann er det forventa at eg skal forstå kvifor det er interessant å sjå grupper av vaksne menn dele seg opp i to like store grupper og springe rundt på ein plen etter ein lærball. Det er sikkert moro å gjere det, det tviler eg ikkje eit sekund på. Eg har sjølv begjett meg ut på denne og tilsvarande aktivitetar i min ungdom, og må ærleg innrømme at det var ikkje reint lite underhaldande. Men å sjå på det? På fjernsyn eller frå tribune? Eg veit ikkje kvifor det skal gjere meg maskulin.

Enno merkelegare er det at folk eg har respekt for. Folk med intelligens, djupsinn og intellektuell kapasitet vert reven med av denne tilskoderaktiviteten. Og det til den grad at dei vel ei tilfeldig gruppe framfor ei anna, eit fotballag, å halde med. Gjerne eit i England, oppkalla etter ein by eller eit nabolag dei har vitja eller ikkje. Dette laget vil dei følgje i tjukt og tynt, uavhengig av kven som er på laget og korleis dei gjer det. Kva det er som gjer at dei vel akkurat dette laget anar eg ikkje; om det er noko med ordlyden i namnet eller fargevalet i uniformane som fenga supporterens sinn som lite barn... det er umogleg å få eit svar på.

Eit døme på ein slik supporter er min gode venn, Den Tvilsomme Humanist. På tross av å heve seg over den skitne allmuen på dei fleste vis, presterar han å dele denne mest proletare av alle interesser. Å følgje med på engelsk fotball. Det har hittil vore fullstendig utanfor mi fatteemne kva han ser i dette, men i dag delte han ein video som kanskje belyser svaret.

Fengande ikkje sant? Fotball ser jommen spanande ut no... eller?

10 kommentarer:

  1. Den videoen var så frastøtende at jeg ikke kunne se hele ... uff, og uff!

    SvarSlett
  2. Jeg deler helt Mullahens forundring over at ellers oppegående menn både fysisk og mentalt blir tussete av kanarifugler og vålerenger og engelske byers mer laverestående kulturliv.
    Jeg har dessuten mine muskler noe mer samlet på midten av kroppen enn disse ... eh ... gutta her, så jeg tror ikke denne tilnærmingen vil funke.
    Gutta i gruppa mener også det er for sent for meg, og trolig for Mullahen også.

    SvarSlett
  3. Nei, eg trur eg kan leggje fotballkarrieren bak meg... og supporterkarrieren trur eg ikkje at eg heilt vil meistre.

    SvarSlett
  4. Mjaa... duskedamene kunne jeg tenkt meg å spille på lag med!

    SvarSlett
  5. Ja, det er kan vi jo alle forstå. Kan ikkje du søkje om opptak då?

    SvarSlett
  6. Jeg har prøvd å øve på en del av de grunnleggende bevegelsene, men sliter fortsatt med senskader etter forsøkene på å komme ned i spagat.

    SvarSlett
  7. Du kan vel kanskje få fritak frå akkurat spagaten?

    SvarSlett
  8. Mja, det var visst noe med hoppingen min også. Og så var jeg for tung å løfte, eller noe sånt. Jeg tror egentlig de ikke var klar for en mann i denne grenen.

    SvarSlett
  9. Hehe! Jeg tror det er for lite trange sølvglitrende tights på banen :-)

    I want more of this :lol:

    SvarSlett
  10. Ikkje gje opp, Svein! Følg draumen!

    Grøftekant: Ja, det er berre å gå foran som eit godt eksempel!

    SvarSlett