fredag 1. januar 2010

Jula avlyst tidleg?

Jula varar som kjend heilt til påske. At dette er frykteleg lenge, og kanskje bør opp til revurdering i forhold til dei andre heilagdagane som kjem i mellomtida, har vore eit sentralt spørsmål for visesongarar og andre kulturinteresserte i fleire år. I år ser det i alle fall ut som om jula ikkje kjem til å vare så mykje lenger. Det kan hende den allereie er over.

Som de sikkert har lagt merke til, har Julenissen glimra med sitt fråver dei siste åra. Uansett kor snill du har vore. I 2008 tok eg på meg å intervjue han om dette, og dei skandalerykta som hadde sirkulert om hans fråver. Denne jula, altså den som tok til i 2009 og skulle vare til 2010 er det dei ting som tyder på at min skjeggete venn har fått for seg at han skulle prøve att.

Med eit heller uheldig utfall.

Hans heller utagerande drikkfeldigheit gjorde at han ikkje før formiddagen i går kom seg inn i drakta, og tenkte seg avgarde for å dele ut gåver. Då han oppdaga datoen, og det faktum at han verken hadde gåver eller slede gjort klart, vart han knust sønder. I forfylla tilstand fekk han tak i ein pistol, og... vel... du kan sjølv sjå på dette fotografiet frå eit overvakingskamera;
Vi kan prise oss lukkelege for at Julenissen i det minste er ein elendig skyttar. Særleg i fylla.

Eg skal besøke han på sjukehuset seinare i dag, så finn eg ut kva tilstand han er i. Det er eigentleg ganske så trist dette... han pleide å vere så jovial.

4 kommentarer:

  1. Godt år, love.
    Huff så trist med Julenissen Mullah. Jeg er lei for det. Dere ligner litt i grunn, alt det tunge ansvaret, prøve å ikke skuffe folk. Det bygger seg opp og så en dag sier det bare pang.
    Det er det jeg sier at vi bør ha flere overvåkningskameraer slik at vi til en hver tid kan se hva som VIRKELIG skjedde. Ja,hvert et hjem burde vært overvåket.Nå håper jeg at din gode venn får all den hjelpen han trenger og etter alt å dømme blir han nok satt på heftig medikasjon em stund. Dette kan skje den beste. Og jeg tøyser ikke.

    SvarSlett
  2. Nå er det bare det at jeg så julenissen på Nordkisa julaften. Han banka på terassedøra og leverte en Stiga Ski Racer til min grandnevø. Jeg har et foto som beviser det!
    Hva har Mullahen å si til det?

    SvarSlett
  3. Arjuna; så klart burde vi ha meir overvaking i samfunnet. I tider som dette lengtar eg attende til aust-tyskland der ambulansen var på veg i det augeblinken gamle damer mista fotfeste, og var berre kort veg unna i det dei ramla på ræv.

    Svein; eg kan jo ikkje svare for kva du ser og ikkje ser. No er det jo med nissen som det er med Elvis, at det er mange som utgjev seg for å vere han. Eg mistenkjer avogtil at nissemor leigar inn skodespelarar for å spele nissen her og der, slik at ho kan halde liv i franchisen og tene rått med pengar på den.

    SvarSlett
  4. Absolutt en mulighet, Oh Mullah. Han var litt stiv i maska, han Nordkisanissen!

    SvarSlett