torsdag 21. januar 2010

Orwell, dystopiar og utopiar

Det er i dag 60 år sidan den sosialistiske forfattaren George Orwell døde. Han er mest kjend Animal Farm, eit satirisk blikk på den totalitære kommunismen, og skrekkvisjonen 1984 om det totalitære overvakingssamfunnet. I den forbindinga vart eg på ny invitert til Radioselskapet på P2 for å snakke om framtidsvisjonar i science fiction. Denne samtalen kan du laste ned her, og du finn den ein time ut i sendinga.

Det som i utgangspunktet er temaet er utopiar og dystopiar, som er to ulike sett å forestille seg framtida eller alternative samfunn. Der utopien er det perfekte, medan dystopien er reine helvetessamfunnet. 1984 fell då inn blant desse. Felles har dei at dei er basert på vår eiga samtid og på samfunnet som forfattaren tilhøyrar. Utopien er gjerne samfunnet som vi bør strebe etter, medan dystopien er ei åtvaring om kva samfunn vi er eller held på å verte - felles for dei er at dei spring ut av forfattarens politiske idear og kontekst.

Dystopien er jamnt vanlegare å sjå, fordi den er langt meir spanande. Det er lettare å lage konflikt og action av ein underdog som kjempar mot eit undertrykkjande samfunn, enn reiseskildringa til ein mann som vitjar det perfekte samfunnet.

Men så kva er dette perfekte samfunnet? Så mange av dei verste opplevingane vi har hatt i det 20. århundret har vore forsøk på å byggje eit utopisk samfunn; Nazismen og Sovjetkommunismen er soleklare døme på det. Det norske sosialdemokratiet er òg eit klamt forsøk på å skape ein utopi, og eit som kanskje kjem keisamt nær det samfunnet som Thomas Moore først skildra i sitt verk "Utopia". Og det er dette som kanskje er det mest fascinerande med Utopien, at den til sjuande og sist enten er umogleg eller ei tvangstrøye. Er vi menneske i stand til å leve i eit perfekt samfunn? Eller er målet å kjempe for det, og ikkje å leve i det? Ein av 90-talets mest undervurderte filmar sett det på spissen; Demolition Man med Sylvester Stallone. Stallone speler ein ultravaldleg purk frå vår nære framtid, som er fullstendig ute av kontroll og han vert dømt til å verte kryogenisk fryst ned. Han vert tint opp i det perfekte samfunnet, eit samfunn som har eit akutt behov for ein handlingens mann. Denne framtida er fredleg og nesten fri for valdlege forbrytelser. Vald verker framand for normale innbyggjarar i samfunnet og dei er ute av stand til å forsvare seg mot reell kriminalitet og korrupsjon. Dei treng den primitive valdsmannen for å tryggje samfunnet deira, og ved å introdusere han og hans valdlege metodar vert deira utopiske samfunn meir likt vårt eiga. Men er det eigentleg ein utopi, eller er det ein dystopi?

For dei som ikkje er særleg interessert i science fiction, virker det litt merkeleg å snakke så mykje om ein sjangar prega av lasarsverd, romskip og dårlege effektar, men sjangaren, som er betre beteikna som spekulativ fiksjon, er i stor grad politisk i si kjerne. Då den spekulerar i moglege samfunn og teknologiar først og framst. Dette har hatt sin effekt. Eg høyrde nyleg ein litteraturvitar presentere eit innlegg der han kritiserte implisitte politiske (og gjerne då liberale) lesingar av science fiction, han meinte at det ikkje var gitt at det var slik ein skulle tolke verk i sjangaren. Dette er heilt rett, men eitt poeng som han oversåg er korleis denne tradisjonen for at science fiction skal vere spekulativ og samfunnskritisk legg føringar ikkje berre på lesaren og kritikaren, men òg forfattaren. Altså, at forfattaren sjølv føler seg forplikta til å skrive slike føringar inn i verket sitt.

Food for thought, og frykteleg tørt. Eg veit. Vi får skrive om noko anna i morgon.

6 kommentarer:

  1. Gode refleksjoner K. Jeg er ikke så veldig inni sci-fi sjangeren selv om slike filmer og bøker har intereressert meg mer med årene, og jeg må si meg enig med deg i at kjernen i slike "spekulative fiksjoner" nettopp har stor grad av politiske aspekter ved seg, eller dypt eksistensielle, noe som,når det kommer til stykket, kanskje ikke kan skilles fra hverandre.
    Jeg vet ikke om jeg forstod helt hvorfor lit.viteren mente at man ikke kunne lese inn politiske(ikke nødvendigvis liberale)betydninger i slike tekster. Alle vet jo at det er få andre fag som er mer offer for sine egne tolkninger enn nettopp Lit.vit. Det fine er at det er velsignet med ekstremt dårlig hukommelse ser det ut til, og
    gjenoppstår på nytt og på nytt med fantastisk(i ordets strengeste betydning) mot hver eneste gang ;)

    Forresten så var ordbekreftelsen lankomar.Et uttrykk for utopi eller dystopi? Tilsynelatende vakkert i hvert fall...

    SvarSlett
  2. Demolition Man, ja. Skal man dømme etter navnet på den kvinnelige hovedpersonen, er eventuelle likheter med Brave New World ikke rent tilfeldige.

    (Hørte deg forresten på radio mens jeg vakset gulvet i dag.)

    SvarSlett
  3. Jeg begynner nå å mene at jeg snart vil ha lønn for å være PR-agenten din. Men jeg kan godt få lønna utbetalt i bamseklemmer.

    SvarSlett
  4. Lord Bassington-Bassington: Den er god; du får ein klem på torsdag når eg ankommer bygda di ;-D

    Martinbg: Ja, det er ikkje god science fiction om det ikkje blunkar til sine forgjengarar, vel? Ein må jo vere sjangarmedvite!

    Arjuna: Takk skal du ha. Litteraturvitaren var ikkje opptatt at vi IKKJE kunne lese tekstane allegorisk, men han kritiserte nett ei implisitt lesing av tekstane i ein eller annan retning. Han kritiserte med andre ord litteraturvitskapen. Han prøvde å åtvare mot å vere forutinntatt i vår lesing, kan du seie. Eg meiner dette overser at forfattaren har same bakgrunn for tilnærminga til sjangaren som lesaren og kritikaren, men det er ei anna sak.

    Lankomar minnar meg om ein fantasyverd eg las om ein gong ;-P

    SvarSlett
  5. "Science fiction is all about people and how they react to new situations" er ett sitat jeg husker fra langt tilbake. Det skal vistnok være fra en av de virkelig store "hard sf" forfatterene. Finnner ikke kilden nå, selvsagt...

    SvarSlett
  6. Jajo, har høyrd folk seie det òg, men det er ein relativt snever forståing av spekulativ fiksjon.

    SvarSlett