måndag 4. januar 2010

Pandamonium infiltrerar

Alvorlege nyhende kameratar. Pandamonium har lansert eit nytt våpen i kampen om dominans på vår klode. Det du ser her er ein minikjempepanda som eg nyleg fanga, medan eg rekognoserte på byen. Gjennom iherdig genterapi og utstrakt bruk av kunstig befrukting har våre hemningslause fiendar i det komande blodige terrorveldet til pandaene dyrka fram minikjempepandaer som skal nyttast til å infiltrere våre heimar usett. Om tatt vil dei sleppe laus hypnotiske feromonar som får oss til å tru at dei er søte kosedyr.

Dette er særs alvorleg, kameratar, med eit slikt våpen er ingen av oss tryggje. Ekorna dekker parkar og dei store norske uteareala for Pandamonium, og no står minikjempepandaer klare til å infiltrere våre heimar. Våre skur. Våre dukkehus!

Her er det berre ein ting å gjere. Jakt dei ned. Drep dei! STRUP DEI!

7 kommentarer:

  1. Bra jobba, broder! Jeg skal holde utkikk!

    SvarSlett
  2. Ver arvaken! Dei luskar i ein kvar ein busk og bak kvar ein hybelkanin!

    SvarSlett
  3. Det var en hybelkanin som klynket i går da den gikk i støvsugeren. Jeg skal ta en ekstra runde!

    SvarSlett
  4. Når kjem den store invasjonen?

    Tolo Von Grunge

    SvarSlett
  5. Svein: Gjer det! Og gje stridsrapport!

    Drittdårlegmusikksmak: Den er her allereie ditt blinde nek!

    SvarSlett
  6. Mmmmm *spytte sorthvite hår ut av kjeften* 1 down 300 to go, dette blir jo knapt å holde ut året! Ekorn er jo knapt noe å leve av...

    SvarSlett
  7. Frøken Kvitrev: Eit verdig tiltak, men hugs å variere kosthaldet ditt.

    Pandaer kan umogleg vere sunne. Stort sett berre fiber, tenkjer eg.

    SvarSlett