fredag 8. januar 2010

Sesam Homostasjon

Dagens debatt om homofili i barnehagepedagogikken var ikkje så reint lite interessant. Fleire av kommentatorane hadde mykje interessant å seie, men det var heller lite substans. Utanom at nokon etterlyste meir homse- og lesbesex i Sesam Stasjon. Ei etterlysing vi støttar fullt ut. Det er heilt klart at skal homofili inn i pedagogikken, må dette illustrerast godt. Som HvaHunSa har påpeikt så må ungdom få tilgang til porno, og då må vel dette skje i BarneTV når dei faktisk får sjå fjernsyn? Og då dette strengt tatt involvere homsesex òg, kanskje tilogmed primært sidan dei færraste ungdom har eller vil få erfaring med dette!

Som de veit, så er Sesam Stasjon basert på amerikanske Sesame Street. Her har dei to populære karakterane Bert and Ernie lenge vore prima kandidatar for å illustrere forhold. Berre sjå her!

Dramatisk. Og vakkert! Slikt BarneTV vil vi ha meir av.

Det får vi diverre ikkje. For denne filmen er forsøkt utradert av Sesame Workshop som eig rettane til barneserien. Skaparen Peter Spears er nekta å distribuere den. Så takk Gud for internett. Det var vår faste lesar Lord Buckethead som gjorde meg merksam på eksistensen, og som dreiv meg til å spore den opp til dykk. Så send ein liten takk til han.

8 kommentarer:

  1. Vakkert.

    Ikkje heilt sånn eg først såg det for meg, men mykje betre.

    SvarSlett
  2. Korleis såg du for deg dette då? Litt skeptisk... ville du eg skulle leggje ut muppetporn? :-P

    SvarSlett
  3. Nei, eg vil vel eigentleg ikkje det...

    Du har ikkje eit dyptgripande drama med Alfa Alfa og ho stasjonsdama òg vel?

    SvarSlett
  4. Nei, diverre ikkje... men tanken varma meir enn kakao akkurat no ;-)

    SvarSlett
  5. Ungdomsporno skal vises i barne-tv? Betyr dette at du ikke vet forskjellen på barn og ungdom? Bekymringsverdig, i så fall. Barn skal ikke se på porno. Pormo for barn er overgrep, enkelt og greit.

    SvarSlett
  6. Pokker, eg håpte eg slapp unna med den og ingen kom til å arrestere meg på den (alternativt for dét). Det var berre ein grei måte å flette inn litt reklame for ditt utspel, HHS.

    Det var veldig interessant, og eg tenkte med at det var noko eg burde ha ei meining om. Eg har berre ikkje funne ut kva enno. Eg slit med å vere ein verdi-konservativ libertiner med radikal bakgrunn og rolle så religiøs rettleiar. Kan du forstå det? FNORD!

    SvarSlett
  7. I guess the fun is over then...

    SvarSlett
  8. Moroa er aldri over! Toget tutar vidare!

    SvarSlett