søndag 3. januar 2010

The Slow and the Dead?

Dei levande døde hamnar stadig vekk i dei mest finurlege situasjonar. Enten dei no vert nedkjempa av hormonelle ungdommar eller store militærstyrkar. Eller Woody Harrelson for den saks skuld, ein av vår tids tapraste krigarar mot zombieinfeksjonen.

Av og til virker det som om kampen mot dei levande døde er litt ubalansert. Dei er kanskje iherdige, og frykteleg mange av dei, men dei er litt enkle. Faktisk er dei ganske enkle. Dei er treige og meir eller mindre retarderte.

Difor er det gledeleg å sjå ein film som tar dette på alvor. Special Dead fortel soga om kva som skjer når det er opp til ei gruppe tilbakeståande på leir å nedkjempe zombietrugselen. Siklande tullingar mot siklande tullingar!

Dette må jo berre vere bra... men eg er usikker på kven eg heiar på her.

6 kommentarer:

  1. Inntil det kommer en zombiefilm med basset-helter, får man heie på rullestolsbrukerne.

    Men egentlig er jeg snurt fordi du ikke anerkjente hvor lenketipset kom fra. Så pass deg, ellers kommer jeg og sikler på deg.

    SvarSlett
  2. Du veit eg er heilt elendig på å hugse å kreditere lenkeopphav. Det er min einaste last ;-P

    SvarSlett
  3. Downs of the dead, treng eg sei meir?

    SvarSlett
  4. http://pyroklastisk.blogspot.com/2010/01/zombiemania.html

    SvarSlett