fredag 5. februar 2010

Dyktig bassist i det minste?

Sjølv eg vert tidvis målbunden av våre vennar i Asia. Særleg øyrika Japan og Korea tar meg til stadig på senga. Internett byr gjerne på ei forklaring på kva som faktisk skjer. Forklarar orda. Konseptet. Gjerne orda dei seier og syng. Likevel sitt ein att med ei kjensle at totalt manglande forståing av kva ein nett har vore vitne til.

Du lurar på kva eg tenkjer på? Vel, ta denne videoen av ein koreansk bassist;

Ein del spørsmål melder seg gjerne no, ja? Heldigvis har produsenten valt å forklare den på denne nettsida. Han forklarar der at songen han spelar handlar om mjølk. Ja, for i Japan går det rykter om at barmfagre kvinner drikk mykje mjølk, og vil du ha større bryst må du berre helle nedpå. Ja, han byr til og med på å leggje ut heile teksten.

Så det forklarar videoen. Gjer det ikkje?

NEI, DET GJER IKKJE DET TENK!

Det forklarar heller ikkje hans andre videoar.






Vil du sjå meir? Han har meir enn nok lasta opp på kontoen sin.

Nokre menneske burde komme med forklarande fotnotar. Det gjeld forsåvidt folkegrupper òg. For den saks skuld heile kontinent. Asia, for å ta eit snøgt døme.

Men for all del. Fine bassar. Og etter alt å døme ein dyktig bassist, men kva veit eg?

15 kommentarer:

  1. Hastur, da. Korea er da ikke noe øyrike...sist jeg så på kartet var landet-eller landene-solid plassert på det asiatiske fastland. De mange flyktningene som prøver å ta seg over grenseelva mot Kina eller Russland er også et argument i så måte. Eller er dette bare ondsinnet propaganda fra Pandamonium?

    Uansett - gitaristen nederst til høyre ligner da mistenkelig på Ace Frehley? Mystisk!

    SvarSlett
  2. Det var ei vurderingssak frå mi side. Korea er strengt tatt ei halvøy. Er det då eit halvøyrike eller eit øyrike?

    Det plaskar uti vatnet. Det held for meg, kom eg fram til.

    SvarSlett
  3. Oh Mullah, tillat en skarve undersått et ydmykt spørsmål, basert på bruk av din blogg i samfunnsfaggruppa i dag (like før gutta gikk til fredagsbønnen):

    Er alt bra med deg?

    SvarSlett
  4. Ja, betre denne veka enn i førre, takk som spør. Var det noko spesielt gutane reagerte på? Er eg bleikare enn vanleg så er det på grunn av vinteren.

    SvarSlett
  5. De mener du kanskje kan komme inn på et bedre spor med denne:
    http://www.youtube.com/watch?v=FIqGfUwaOcs

    SvarSlett
  6. Gutta var forøvrig enige i at det er en brukbar bassist, men de liker Victor Wooten bedre.

    SvarSlett
  7. Det var ein fin og oppbyggjeleg video, og eg skal ha den i hjartet når eg går ut på eventyr etter fredagsbønen.

    SvarSlett
  8. Og de elsker broren hans!
    http://www.youtube.com/watch?v=zPpqHXTUTIk&feature=PlayList&p=1A5CF49872EF3354&index=6

    SvarSlett
  9. Gutta hilser og sier at eventyr etter fredagsbønnen er blant de viktigste deler av en manns liv.

    SvarSlett
  10. WeIrD.. og søtt.
    Fantastisk blogg forresten :)

    - Kake

    SvarSlett
  11. Svein: Og for eit eventyr det vart. Og det held fram inn i sabatten.

    Kake: Takk skal du ha.

    SvarSlett
  12. Jeg og gutta vil sette pris på mest mulig detaljer om eventyret, selvfølgelig i sømmelige ordelag og med vern om de involvertes privatliv. Autentiske tekster gir absolutt den beste norskundervisning.

    SvarSlett
  13. Eg trur nok det er ein fare for at dette eventyret går same vegen som dei Sataniske Vers. I all sømmelighets namn ;-)

    SvarSlett
  14. Transvestitter finnes da i alle land. Man trenger ikke henge ut halv-halvøyriket Sør-Korea av den grunn. :)

    SvarSlett
  15. Eg heng då vel ikkje ut nokon, Sigurd... eg berre påpeikar at det meste som forvirrar meg kjem frå orientalske strøk.

    Og nei, det er ikkje transar som forvirrar meg. Trust me ;-)

    SvarSlett