søndag 14. februar 2010

Ein merkedag

Kven enn som satt saman denne kalendaren vi lev etter sitt no og held seg for øyra og lukkar augene. Det er kollisjon og full forvirring. Ingen veit kva som foregår, eller kvifor! Du får ein bolle, du trur det er fastelavns, men nei det er fordi det er morsdag. Eller kanskje nokon er kjær i deg og sende deg eit morsdagskort. Det er dagar som dette vi treng "god dag"-kort, som vi kan sende til alle, uansett kva lukkeønskingar ein har til dei.

Så her sitt vi. På Valentinsdagen, denne kjærleikens dag som vart populær i høgmellomaldaren blant Chaucer sin høgromantiske omgangskrets. På morsdagen, ein dag feira på ulike datoar verda over og med ulikt opphav, men som i sin moderne kontekst vart først markert av amerikanske Anna Jarvis. Dagen vart snøgt overtatt av bakerar og gratulasjonskortproudsentar, og Jarvis vart sjølv ein intens motstandar av dagen. Og ikkje minst, vi sitt her på Fastelavnsdag, eller fleskesøndag, denne lille søte markeringa av at fasta er rett rundt hjørnet.

Det er litt mykje på ein gong, er det ikkje. Eg veit i alle fall at eg er overvelda, og ganske så usikker på kven og kva eg bør ringe eller sende kort til. Heldigvis kan eg berre sitte i  ro og ta i mot. Og dagens første kom frå Kvinnekongen, som prover at god smak er ei viktig side ved å vere kongeleg med si helsing.

Eg trur eg har valt rett ved å sitte i ro, og unngå forvirring og komplikasjonar. Morsdag og Valentinsdag samstundes? Det er best å overlate denne dagen til mannen den var skapt for, godaste Oedipus Rex. Resten av oss kan strengt tatt berre ta ein bolle. Ein fastelavnsbolle. Namnam. Nokon som vil bake og komme på døra med godsaker til meg?

13 kommentarer:

  1. Min løsning på problemet er å bolle en mor du er glad i.

    SvarSlett
  2. Litt langt å kjøre over fjellet, Oh Mullah, og sist jeg og gutta gjorde det fikk vi litt problemer med reiseregninga.
    Men virtuelle godsaker sender jeg herved en masse av! Spesielt seigdamer!!

    SvarSlett
  3. Prinsesse Kristine14. februar 2010 kl. 15:49

    får jeg legge til at det er kinesisk nyttår (godt nyttår, kjære!) og Ballantines day og!

    SvarSlett
  4. Ballain tines, som de sier i Trøndelag! Riktig whisky etter en kald skitur.

    SvarSlett
  5. Batcheeba: Fabelaktig!

    Svein: Eg vil ha boller! No!

    Prinsesse Kristine: Godt nyttår, darling!

    SvarSlett
  6. Sorry, Oh Mullah, vi fikk NAV på nakken sist. Men du har jo en Statoil-stasjon i nærheten, ser det ut til på Google Streets.

    SvarSlett
  7. Men eg stolar ikkje på den. Alle butikkane her er tullete ;-P

    SvarSlett
  8. Det går bra. Vår kontakt har nettopp sjekka bollene der.

    SvarSlett
  9. Enter the Kvinnekongen:

    Å påkalle Ødipus i denne stund var klokt.

    Du valgte å sitte i ro denne dagen som lett kunne rive en manns hjerte i to...

    Jeg må faktisk gi både deg og kalenderåret 2010 et slengkyss før leggetid. Å hisse opp Ødipuskomplekset på denne måten var en frækk affære og du skal ha for å påpeke stuntet!

    ;-)

    SvarSlett
  10. Akk, Svein, eg var diverre opptatt i går kveld med å nye eit blodig lite kostymedrama, så turen til Statoil vart det ikkje noko av.

    Takk, takk, Kvinnekongen. Eg følte nokon var nøydd å peike ut elefanten som hadde gøymd seg under salongbordet. Det var forøvreg ei ære å vere din Valentin.

    SvarSlett
  11. Lille Ødipus, hvor har du vært?
    Jeg har vært hos mammaen min...

    SvarSlett