tysdag 16. februar 2010

Ein vanleg OL-fatwa

Dei Olympiske Leiker er i gang i Canada. I full HD... med glitrande bronse og sølv. Og fleire av mine lesarar vert distrahert av denne pågåande ulukka, og har etterlyst ein fatwa frå meg.

Det ser eg ikkje som heilt naudsynt. Folk burde vete frå før av kva eg tenkjer om dette påkosta fesjået. I det gamle romarriket hadde vi gladiatorkampar. Dei frådande folkemasser fekk servert blodige slosskamper mellom deira best trente og avla idrettsmenn, henta inn meir eller mindre frivillig frå heile det store romerske riket. OL er ganske likt, med ein stor mangel - det er frykteleg lite blod og død involvert. Det er direkte dørgande keisamt, og er stort sett for dei som likar å sjå folk i tettsittande trikot. Og ja, det finnes eit fetisj for det òg.

Sjølv ikkje for landets mange sportsinteresserte har dette OL vist seg å vere særleg lukkebringande, då det har vist seg at Noreg ligg langt bak i dopingkappløpet. Her har vi eit arbeid å gjere. Vi driv framleis på med primitiv bloddoping og slitsom trening, medan våre rivalar openbart har satsa stort på utviklinga av ny doping. Vi er hemma av ein restriktiv dopinglovgjeving. Fjern denne og vi får ein jamnare strid. Og OL vil verte langt meir interessant att. I same slengen burde vi opne opp for genmanipulering. La oss sjå kva nasjon som faktisk klarar å avle fram dei beste solda... idrettsutøvarane. Kom igjen, doping er berre for krydder å rekne når vi først har avla fram den perfekte kulestøtar ved hjelp av DNA frå ein gorilla! Skitt au! La oss gje dei våpen og kaste dei inn i ein avsperra arena! Eg vil ha blod for svarte!

For det er berre det som manglar i denne orgiastiske pengefesten som OL er. Liv går tapt som konsekvens av arrangementa kvar gong. Det er dei svake og fattige som lider, og det er den lokale økonomien som må ta dei langsiktige konskekvensane av politikarane sine store draumar. Min venn Geoff Berner tok dette temaet opp for eit par år sidan, då eg først var kjend med han. Då lanserte han sin offisielle temasong for det komande OL i Vancouver. Under dette OL tykkjer eg vi alle skal ha denne songen på hjartet;

Om du treng ei forklaring utover teksten, så lot han seg intervjue nyleg:

Så kan vi jo alle spørre oss.. kor mange fleire turistar fekk Lillehammer etter OL i 1994?

Nei, eg vil ha genmanipulerte gladiatorar. Og eg vil ha det no. Det er billegare. Og det er ærleg.

4 kommentarer:

  1. Oi... her var det mykje eg skulle ha sagt.

    Død: Her har du ikkje fulgt med. Det strauk jo med ein utøvar allereie før leikane var i gong. Eg reknar med det berre var starten.

    Blod: Einig. Eg trur blant anna støtantente bomber i enkelte curlingsteinar ville gjort denne sporten endå meir interessant.

    Distraksjon: Ja, takk! Ingenting er som curling klokka kvart på fem om natta når enkelte familiemedlem ikkje heilt forstår opplegget med å sove på denne tida.

    Mr. Berner: Har laga ei storfin OL-hymne og vi gler oss til han kjem attende til Bergen.

    Curling: Ja, det er faktisk ei av dei kjekkare OL-greinane.

    SvarSlett
  2. Mynock da! Slem mynock. Du som er familiefar og alt. Lar du deg så lett forlede inn i curling?

    http://www.vg.no/sport/ol/2010/artikkel.php?artid=589446

    SvarSlett
  3. Hmmm, og eg som trudde dei norske klovnebuksene var høydaren i curling-garderoben. Skuffande nok var det berre menn på isen i går, det eg såg. Sjølv seint på natt når denslags gjerne slepp til både her og der...

    SvarSlett
  4. Eg vil berre påpeike at eit dødsfall før leikane, er ikkje eit dødsfall under leikane, med publikum. Og det er det publikum forlangar og forten!

    SvarSlett