laurdag 6. februar 2010

Laurdagsblogging

Det er laurdag, og ingen av oss har tid til å lese dei mest heftige innlegga om pandamonium eller analysar av vår populærkultur. Så det er like greit å stå over. I staden for vel eg heller å rette merksemda mot andre stader på verdsveven du kanskje vil stikke din snute.

No er eg fundamental mostandar av alle formar for sosiale media og anna motetull, men nokon utgjev seg for å vere mullaen på Twitter, og har sjukleg god innsikt i mine aktivitetar. Noko tyder på at nokon spionerar på meg. Mindre god innsikt har kven enn det er som hevdar å vere mannen bak maska på Facebook, men ei fanside har han som du godt kan melde deg inn i.

Sjølvsagt, sidan dette openbart er svindel (om ein ser vekkifrå ei komande konkurranse som det vert kviskra om på fansida), så kan du kanskje gjere lurare i å sjekke ut fansida til Den Unge Herr Holm. Eventuelt den nye nettsida til A Little German, og fansida hennar. Anbefalte grafiske kunstnarar knytta til din mulla.

3 kommentarer:

  1. Hva skjer med at alle har fansider nå? Jeg føler meg jo nesten alene her 0.o

    SvarSlett
  2. Den sida trenger sterkt flere deltakere, slik at denne Bjørkelog slipper å kommentere seg selv hele tiden. Er det det greit at vi blir med, Oh Mullah?

    SvarSlett
  3. Denne fansida for Bjørkelo vart starta av ein ung og lovande sosionomistudent i Oslo. Vi veit ikkje om han har godkjend foretaket, men det virker offisielt.

    Og sjølvsagt må du vere aktiv der Svein!

    SvarSlett