søndag 28. februar 2010

Når kjøtsvalten sigrer

Essensen av dilemmaet ved Pandaer, og slik deira komande terrorregime, Pandamonium, er at folk er overtydd om at Pandaer er planteetarar. Dette er sludder. Dei er, som eg har vore innom mange gonger, ikkje i stand til å fordøye bambusskota som dei sitt og tygg på. Dette har ei rekkje konsekvensar - dei manglar energi til å fysiske handlingar som å gå frå ein stad til ein annan, og å ha sex. Det gjer òg at dei byggjar opp ein umetteleg appetitt, ein appetitt som ein dag skal mettast med menneskekjøt!

Difor er det inga overrasking at ein panda nyleg vart funnen etter at han braut seg inn i heimen til ein kinesisk familie, som rapport av VG og Aftenpoften. Den svoltne og desperate pandaen vart funnen i småbarnsfamiliens heim, gnagande på knoklar. Journalistane insisterte sjølvsagt på at det pandaen berre ville ha knoklane, og spytte ut kjøtet, men det veit vi jo alle er løgn og propaganda. Dei måp jo seie det for ikkje å avsløyre sanninga.

Den grusame sanninga.

Som du nok kan førestille deg, heilt på eiga hand.

Pandaen kunne med eit nøgd smil vende attende til fjella, vel vitande om at innbyggjarane i landsbygda fryktar Pandamoniums straff om dei protesterar.

Og det er dette vi kjempar mot, kameratar! Dette er vår framtid om Pandamonium ikkje vert stogga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar