torsdag 4. februar 2010

Nei, det ER ikkje sko

Ein del tok seg gjerne i å lure på kva i helvete dette var, då det rulla over tv-skjermene rundtomkring i verda;


Svaret er enkelt og greit; ikkje sko! I alle fall om ein skal tru min gode venn Lord Bassington-Bassington og hans sekretær, som nyleg gjorde kjend sin ståstad angåande den type fotlefser som Adidas og Converse produserar. På dette punktet kan vi simpelthen ikkje seie oss ueinige i det heile tatt. Dei er kanskje komfortable... men sko?

Er du verkeleg glad i Star Wars, og det er det jo all grunn til å vere, så skal eg ikkje halde i mot deg at du kjøper inn den nye kolleksjonen frå Adidas. Ein kan til og med forsvare å tre dei på beina og labbe rundt med dei i stova på gøy. For all del, la meg ikkje hindre deg i det. Det høyres jo rett artig ut! Men noko bra stilsignal sender du neppe, om du bestemmer deg for å spankulere ut i verda med nokre av desse på beina;
Det er jo pent. For all del... men det er framleis ikkje sko! Det er... kanskje fottøy. Med vekt på tøy. Ikkje sko, men først og framst samleobjekt. Og det er jo heilt kurant. Heng dei på veggen. Over senga. Senga med Star Wars-sengetøy. Framleis vekt på tøy. Kanskje med ein S i enden.

For all del, Adidas må ha all grunn til å tru at den nye kolleksjonen vil fungere. Det er jo ikkje første gongen dei har laga Star Wars-fottøy.
Eg veit det ikkje er sko... som sagt. Det er ikkje sko. Men eg veit ikkje om det berre er teit, eller frykteleg, frykeleg gøy. Eg likar tøys.

Sjå heile 2010-kolleksjonen her. Og så testar du denne... TØYS!

(Med tøys så meiner eg sjølvsagt kommersielt piss og sludder som eg tar fuuuuullstendig avstand frå, heilt sant)

3 kommentarer: