søndag 21. februar 2010

Omskjæring og krig

Eg var vitne til ein heller spenstig debatt på verdsveven i går, og temaet var omskjæring. Det heile byrja med ein kommentar av Hege Ulstein i Dagsavisen, der ho tar til ordet for å moderere vårt syn på omskjæring av kvinner. Ho etterlys meir faktabaserte tiltak, og meiner at mykje av vår motstand mot omskjæring av kvinner er basert på "myter", sjølv om ho sjølv ikkje ønskjer å forsvare praksisen. Dette vekte sjølvsagt ein del reaksjonar, og debatten som rase endte opp med å handle om omskjæring av gutar. Ein praksis som òg har sitt opphav i religiøse og seremonielle krav. Og det er denne praksisen eg vil gripe fatt i no, og forklare kvifor eg er i mot, men først litt bakgrunn.

Tradisjonelt vert omskjæring utført på unge menn, før puberteten, men helst når dei er nyfødd etter jødisk tradisjon (der inngrepet vert utførd av ein spesialist; ein mohel). Dette er ein praksis dei òg delar med store deler av islamsk kultur, som delar den jødiske trua på at dette er eit pålegg frå Gud. I USA er òg omskjæring av gutebarn normen, og du må faktisk gje beskjed til legen etter fødselen om at du ikkje ønskjer at bornet ditt skal bli omskjært. I dagens debattar blandast religiøse, medisinske og estetiske argument om ein annan. Forutan det religiøse påbode, vert det hevda at å kutte av framste delen av forhuden på menn gjer det lettare å vere reinsleg og at det minsker farane for veneriske sjukdomar, sopp- og bakterieinfeksjon samt visse typer livmorskreft blant kvinner. Det vert òg hevda at ikkje berre er det penare for kvinna å vere vitne til ein omskjært penis, men den minsker følsomheita til mannen og gjer at han held ut lenger. I USA er omskjæringspolitikken basert på ei slik vurdering. Som ein del av ein omfattande kampanje mot onani, med mellom anna Dr. John Harvey Kellogg i spissen, fekk ein altså gjennomslag for omskjæring av gutar på nasjonal basis, for å hindre dei å onanere når dei nådde puberteten. Heldigvis har ein oppfunne handkrem sidan den tid.

Motstandarane på si side avviser gjerne det religiøse elementet, og understrekar at dette er eit unaudsynt kirurgisk inngrep på eit menneske som ikkje har høve til å ta avgjersla sjølv. Det er difor eit overgrep. Reinsligheita vert avvist, då det moderne samfunn har oppdaga noko dei kallar vatn og såpe som gjer det mogleg å gjere kroppen rein, utan å måtte skjære av seg hudfoller. Dei helsemessige fordelane ved omskjæring vert likeså avvist, då dei fleste er knytta til hygiene, og at den auka risikoen for livmorskreft er så liten at den er statistisk irrelevant. Det estetiske kan ein ikkje krangle om, men spørsmålet er om at det å fråta mannen delar av kjenslane i sitt kjønsorgan, og dermed frårøve han seksuell nyting, er mogleg å forsvare med at "jo, for då varer det lengre og hindrar for tidleg sædavgang"? Om dette vert eit problem for mannen kan han ta den avgjersla sjølv i vaksen aldar. Å ta den avgjersla for han, og utsette han for eit smertefullt og traumatisk kirurgisk inngrep; er ikkje det eit overgrep?
Og dette førar meg til det eg meinar er den verkelege årsaka til at dette er ein praksis ein bør stogge. Sett deg i guttebarnets posisjon. Eit av dine første minner vert at når du er på det mest følsomme, kjem ein eller annan framand mann og tar seg til rette med dine private delar, og brått drar fram ei saks. Snipp-snipp. Panikken brer seg ilag med smerta! Du veit ikkje kva som har skjedd, anna enn at nokon har tatt ein saks til tissen din og klippa i den. Frykta for at han har klippa den tvert av melder seg snøgt. Og den vert sittande lenge etter smerta har gjett seg, lenge etter du har tryggja deg sjølv om at penisen din er der framleis. Du vil for alltid frykte den kalde handa til den framande, som kom så nær å høgge av deg dine edlare delar. Aldri vil du kunne komme over det. I sjølve grunnmura av di sjel og din personligheit legg deg seg eit lag av paranoid forfølgjingsvanvidd. Frykta for den framande mann, med skarpe gjenstandar som saks, kniv og sverd. Sinnet som følgjer med smerta ulmar i deg, ønskjet om å hemne deg på den framande veks i lag med paranoiaen. Av dette kjem det berre vondt. Frykt leiar aggressivitet og vald. Omskjæring fører til vald!

Om du tykkjer dette vert abstrakt eller søkt, så ber eg deg lene deg attende å kikke på moderne historie. Etter alt å døme så er vi siviliserte og fredlege menneske, verda over. Vi har for det meste heva oss over stammeinteresser og nasjonale konfliktar dei siste 60 åra. Utanom nokre folkegrupper og nasjonar som til stadig er involvert i krig og vald. Arabarnasjonane, jødane og amerikanarane. Dei har alle vore involvert i konstant konflikt og krigføring, fullstendig blotta for rasjonalitet sidan 2. verdskrig, medan resten av oss har stirra på i vantru. Og kva er det einaste dei har felles, utanom denne uforklarlege paranoiaen og aggresjonen? Jo, dei har alle ein tradisjon for omskjære guttebarn i ung aldar. Å traumatisere dei og skape ei intens frykt for den andre.

Og dette er årsaka til at eg er mot omskjæring av menn. For omskjæring av menn førar til krig!

17 kommentarer:

  1. Helt brillant innlegg! :D Jeg har kontakt med veldig mange amerikanere, og flere av dem har aldri sett en ikke-omskjært penis! Altså, en normal penis i sin naturlige tilstand finnes det mennesker som aldri har sett?!?!! Hvor SYKT er ikke det? Jeg hadde klippet huet av legen som foreslo å omskjære mine gutter. Det er et overgrep, det er fullstendig unødvendig! Menneskekroppen skal være slik den er i sin naturlige tilstand, det burde da være en selvfølge? Jeg forstår ikke ulogisk tankegang. Gawd, så irriterende!!

    SvarSlett
  2. Det er snodig at de som tror på Gud, Jahve eller Allah så til de grader mistror sin guds evne til å skape en menneskekropp at de ser seg nødt til å skjære i den.....

    SvarSlett
  3. Jeg syns det er verdt å merke seg at det er et miljø for omskjæring av kvinner som ikke blir utført i religionens navn. Body modification har blitt svært avansert de siste 10 -15 årene. Kvinnelige sub'er omskjærer seg for å kunne være en god slave for sin Master. Der hun selv ikke kan oppleve seksuell fysisk tilfredstillelse, kun mental tilfredstillelse. Jeg ble kontaktet av Tod Bertrang for mange år tilbake med spørsmål om jeg ville være en av hans sub'er. Kriteriet hans er at kvinnene omskjæres. Han er etnisk hvit, bosatt i statene. Han ble arrestert og måtte sone 5 år om jeg ikke husker feil, pga hans aktiviteter. Det er også en del genitaliapiercings som fungerer bedre med omskjæring. Da snakker vi for kvinnens klitoris forhud og mannens forhud, og/eller frenum. Å sy igjen kvinnens kjønnslipper er også vanlig SM-lek for de noe mere avanserte. Menn splitter penis for å oppnå økt nytelse. Enten kun penishodet eller ned hele skaftet. Jeg har skrevet blogg om de som ønsker å fjerne kroppsdeler før. Mitt poeng er at omskjæring/modifisering av genitalia ikke bare er et religiøst fenomen, eller preget av tvang. Praksisen lever i beste velgående i disse miljøene også i vesten.
    Intervju med Tod her:
    http://news.bmezine.com/wp-content/uploads/2008/09/pubring/people/A10101/todd/todd.html

    SvarSlett
  4. Batcheeba: Eg er fullt klar over det, og eg var ganske fascinert av desse miljøa for nokre år sidan. Men ekstrem bodymodification er litt på sida av det som vert drøfta her, som stort sett koker ned til argument for og i mot omskjæring av barn. Eit heilt anna tema, ja?

    Hegemoni: Eg er jo som kjend ein mulla, og ein av Guds menn på denne kloden, og eg følar ofte ein sterk trong til å modifisere delar av hans tobeinte skaparverk med kniv når eg les aviser eller er ute ein laurdagskveld.

    Antidamen: Takkar. Men du bør kanskje akseptere at sjølv om du ikkje forstår det eller er einig i det, så er det ikkje per def "ulogisk tankegang".

    SvarSlett
  5. Jeg ville påpeke det, fordi jeg tror mange mennesker ikke er klar over at vi i vesten praktiserer ting som svært mange ville oppfattet som primitivt.

    SvarSlett
  6. Primitivt? Du meiner samisk eller tilsvarande? ;-)

    Eg trur vi kan gå gjennom tusenvis av grunner til kvifor folk driv med ekstrem body modification, og eg trur ikkje at alle grunnane er like sunne. Dei er likevel i sin fulle rett til å gjere det.

    Det er framleis ei avsporing av temaet. Og skulle eg inkludert alt av beslekta tema så måtte eg ha skrive ei bok. Og det hadde blitt ei dårleg bok utan ei raud tråd.

    SvarSlett
  7. For å sitere den unge Kjell Aukrusts grublerier. "Far, er det fali å skjæra tå seg hue?"

    SvarSlett
  8. Han Kjell Aukrust visste å stille dei rette spørsmåla ;-)

    SvarSlett
  9. Ville bare si at jeg er helt enig; omskjæring fører til krig og bør derfor forbys!
    Og en liten korrigering. I mange år var det nesten umulig å unngå at en guttunge født ved et sykehus eller klinikk i USA ble omskåret. Det var nemlig obligatorisk og ble sett på som nødvendig. Nå skal det være mulig å si ifra og unngå at babyen utsettes for dette overgrepet, men det er slett ikke uvanlig at det blir gjort uansett. Jeg kjenner fedre som har holdt nyfødte guttebabyer under oppsyn fra fødselen til de tar dem hjem, og som ikke lar leger og lignende være alene med ungen til han er gammel nok til å si fra selv. Og det er slett ikke uten grunn; 10% av alle omskjæringene utført på nyfødte ved amerikanske sykehus går så galt at det krever behandling.
    Fremdeles kanskje ikke like ille som omskjæring av jenter, men likevel et overgrep og helt unødvendig.

    SvarSlett
  10. Stemmer nok det, Supermarina. Har høyrd ein del av den type historier frå andre sida av andedammen. Ikkje reint lite urovekkande at ein kan godta slik utbreidd forekomst av overgrep i helsevesenet.

    SvarSlett
  11. Men dei er i krig, så dei treng vel å garantere nye soldatar i framtida...?

    SvarSlett
  12. Og bitane ramlar på plass...

    Forøvrig: Brukar den ivrige fagmannen på bilete øverst TENNA til å utføre inngrepet?!

    SvarSlett
  13. Eg har ikkje full oversikt over korleis ein mohel gjer sitt inngrep, eg har alltid antatt at det var eit kutteverkty av eit slag, men det kan jo hende det finnes dei som foretrekk å nytte tenna?

    SvarSlett
  14. Tja, garanti for nye soldater er vel bare en bieffekt. Alt her dreier seg jo om penger, og det har seg sånn at sykehus og klinikker kan ta seg godt betalt for å omskjære unger, og det er et veldig enkelt inngrep som utføres uten bedøvelse (AU!) og bare tar et minutt eller så av legens tid (der har vi kanskje grunnen til alle feilskjærene?) så det er en god profittkilde.
    Sånt vil ikke sykehusindustrien gi opp uten kamp, vettu!

    SvarSlett
  15. Kan dei ta betalt for eit inngrep som "kundane" ikkje har bedt om? Er det no eg skal komme med ein heller ufin vits om jødiske legar? ;-)

    Eg er glad Hello Kitty klinikken som mine barn skal fødast på ligg i langt meir siviliserte strøk...

    SvarSlett
  16. Å ja, mens jeg er her inne kan jeg jo påpeke forskjellen i amerikanske soldaters oppførsel fra første og andre verdenskrig, da de fleste amerikanske menn ikke var omskåret, og Vietnam-krigen og senere, etter at så godt som alle amerikanske menn er omskåret.
    De har definitivt forandret seg, selv om de selvsagt var en gjeng rasshøl til alle tider.

    SvarSlett
  17. Så-så, det er jo naboane dine du snakkar om. Ver snill.

    Og for all del, ikkje hiss dei opp. Dei virkar paranoide og aggressive der i LALA-byen.

    SvarSlett