laurdag 20. februar 2010

Preposisjonering i Bergensavisa

Som dei fleste aviser i dette landet så satsar Bergensavisa (BA) sterkt på tabloid forbrukarjournalistikk. Det er tross alt det folk vil ha, har vi høyrd. Og kva er vel ein viktigare nyhende at straum er dyrt.
Faktisk er det noko vi helst lese gong på gong dette med straumprisane. Og ein godt forstå at journalistane i BA vart litt vel ivrige når dei nok ein gong kunne avsløre at straumprisane er høge. Faktisk såpass ivrige at andre overskrifter gjerne kom til å mangle ein pitteliten preposisjon.
For bussar er vel helst ikkje rute, rutete, rutinerte eller eit eller anna, dei er ikkje i rute. Og at vi i Bergen har ein eigen mann som er ansvarleg for dette, seier jo kor seriøst vi tar kollektivtilbodet vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar