torsdag 25. februar 2010

Sjøpandaen slår til!

Motstandsrørsla har sine agentar spreidd rundtkomkring i verda, og dei heldt alltid eit vakent auge med nyhende som kan gje oss større innsikt i trugselen som heng over kloda. Ein av desse agentane gjorde meg merksam på ei sak i VG om Dawn Brancheau som vart drept av ein spekkhogger ho trente i SeaWorld (som eg insisterar på må være ein eigen stat i USA). Ho ramla ut i vatnet og vart sporenstreks drept av dyret. Ulukker skjer, men ta ein kikk på dette biletet av offeret og eit eksemplar av arten som gjorde kål på henne.
Spekkhogger... eller sjøpanda? Svart og kvit. Feit. Og ein stygg tendens til å myrde folk på tross av at ein insisterar på at dei er fredlege. Eg anar uglar i mosen! "Ekspertar" hevdar at drapet hendte fordi "spekkhoggeren" keia seg, og at den berre ville "leike". Slik pandaer leikar med menneske... ved å bite hovudet av dei! Den skuldige sjøpandaen har tidlegare gjort seg skuldig i å drepe ein 27-år gamal mann. Er det ikkje på tide å slå alarm.

Er spekkhoggeren ein fjern slektning av pandaen? Eller har Pandamonium byrja å infiltrere spekkhoggerbestanden med genmanipulerte sjøpandaer?! Svar! Vi krev svar!

Men svar vil vere umoglege å få. For kven elles har leiaransvaret på åstaden og uttalar seg til media enn ein mann med namn Dan Brown? Tilfeldig!? NEPPE! Eg luktar konspirasjon og desinformasjon laaaang veg!

Motstandsrørsla bør vurdere innkjøp av atomubåtar for å nedkjempe den nye trugselen. Eg skal ikkje symje i somar, det er iallefall sikkert, ikkje før sjøpanda bestanden er under kontroll!

5 kommentarer:

  1. Fredelige dyr = statistisk fredelege dyr. All statistikk har unntak, eg er sikker på at sjøpandaer eigentlig er allrighte dyr. Man må anerkjenne at fredelige dyr kan slå seg vrang. Vist ikkje må vi forby hundar eller innføre hunde eigar lisens. Noe som ikkje er så dum ide når eg tenkjer meg om.


    - kake

    SvarSlett
  2. Sa eg at dei var fredlege? Nei. Eg sa at ekspertar, Pandamoniums lakeiar må vi anta, insisterar på at dei er fredlege.

    Trur ikkje du forstår kva trugsel Pandamonium representerar! Les og lær!

    SvarSlett
  3. vil du ha en blogaward? http://valgerd.blogspot.com/2010/02/blogaward.html

    SvarSlett
  4. Orsak, Valgerd, men eg skyr slike memer. Veldig sjeldan nokon klarar å dra meg med på dei.

    SvarSlett
  5. Hvite ansikter, sorte ører - her kan du se hvordan vi basseter avler fram en ny panda/basset-hybrid!
    http://www.youtube.com/watch?v=_4pNFWN20vo

    SvarSlett