fredag 19. februar 2010

Skal det vere litt tysk sjokolade?

Alle likar sjokolade. Og alle likar filmer om sjokolade. Berre sjå på den store suksessen Chocolat med Johnny Depp hadde! Sanneleg seier eg dykk, ein kan tydlegvis ikkje slå feil med sjokolade. Difor spår eg at denne nye filmen eg har snubla over, vil slå an blant store og små, og hjå alle verdas sjokoladeglade familiar. Og om fransk sjokolade er bra, så er jo sjølvsagt tysk sjokolade best!

Sjølv om eg ikkje forstår så mykje av traileren;

Og det hjelp ikkje av nettsidene er på eit sånn derre tullespråk frå middelhavsområdet.

Men filmen er garantert bra. Det er jo tysk sjokolade. Vi gledar oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar