måndag 8. februar 2010

Smaksprøve på Absalong

Det er Absalong i morgon, det hugser de vel? Det vert musikk og folkeopplysing i Bergen for den lille sum av 50 norske kroner eller 400 indiske rupi. Dette kan du vel, ikkje gå glipp av? Det er iallefall ein liten pris å betale for ei innføring i ein av dei mest hårreisande religiøse gruppene verda nokon gong har sett. Tusenvis av inderar kvelt i namnet åt dødsgudinna Kali er noko du absolutt ikkje vil gå glipp av. Dette er tross alt Kali Yuga, Kali sin tidsaldar, så du treng å førebu deg!

Om du framleis er litt usikker så serverar Radioselskapet hjå P2 ein liten smaksprøve på herlegheita i form av eit intervju med vår venn Jan Ingar Thon. Radioselskapet byrjar klokka 11, og innslaget er i tolvtida. Og for dei av dykk som er treige på avtrekkaren, så vert heile programmet lagt ut på nettsidene deira.

[Edit: Då er podkasten klar, den finn du her og du må spole ca 1 time fram. Då Ingar først var og hang på NRK stilte han like greit opp på P3s Banden. Det opptaket finn du her.]

Og om du treng meir informasjon om arrangementet så kan du lese om Kalis kvelarar her. Vel møtt, vi gledar oss til å sjå deg.

6 kommentarer:

  1. Lynvingen! Det navnet er det lenge siden jeg har hørt! Nesten like bra som det svenske navnet Läderlappen!

    SvarSlett
  2. Ooooh! Avogtil slår svenskane til.

    Avogtil. Ikkje ofte ;-)

    SvarSlett
  3. Kven i Radioselskapet er det du sit på tvilsam informasjon om? Du er jo stadig oftare sjølv er med og no får vi jaggu smakebitar på Absalong-prgrammet òg. Reknar med det blir rom for litt promo av morgondagens arrangement. Herr Thon er vel strengt brifa på det.

    Eg må i alle fall ha den biten med meg då sjansen for oppmøte på Salongen er liten denne gongen. Synd og skam.

    SvarSlett
  4. Eg driv sjølvsagt ikkje med utpressing av Radioselskapet. Kva du insinuerar?!

    Skal gje både deg òg ditt avkom til Kali om du ikkje kjem! ;-D

    SvarSlett
  5. Og jeg har akkurat fått dilla på halstørkler. Tilfeldig? Neppe!

    SvarSlett
  6. Uhm... eg lurar på om eg IKKJE skal ta i mot invitasjonar på fleire turar med deg då ;-P

    SvarSlett