måndag 1. februar 2010

Snøen i Bergen

Bergen er på ny dekka av snø. Vi her i den gamle Hansastaden vert alltid like overraska når det skjer. Vi kan tilpasse oss ein eller to snødagar i året, men vi forstår oss ikkje heilt på snøen som ikkje gjev slepp. Snøen som vert liggjande på bakken i meir enn ei veke, og så attpåtil ser ut til å formere seg.

Vi rister på hovudet og undrar oss over kva tid det heile er ferdig. Kva tid er det att mogleg å ferdast på fortaua som for tida berre er usdevanleg breie grøftekantar? Kva tid kan ein på ny ha stødig fotfeste på veg om våre mange bakkar utan å frykte isen under den lause snøen?

Når eg ser ut på snøen må eg klype meg sjølv i armen og minne meg sjølv på at det er ikkje så altfor lenge sidan det var jul. Den tradisjonelle bergenske jul består jo som kjend av bar bakke og dansande... indianarar?
Dykk andre kan ha julenissen for dykk sjølv, eigentleg, så lenge vi kan behalde våre juleindianarar!

2 kommentarer:

  1. Jeg mener absolutt at dette nå må kunne kalles den verste vinteren i manns minne.

    SvarSlett
  2. Og du er sånn omtrent 12 år eller?

    SvarSlett