søndag 21. februar 2010

Varulvar, Twilight, ungdom og radioreklame

Ikkje at eg har tenkt å distrahere frå folkeopplysinga og min seinaste fatwa om omskjæring, men eg har ei viktig nyhende frå populærkulturens sfære. Remaken av den klassiske "skrekk"filmen, The Wolf Man, går no på kinoer rundtomkring i verda. Og lokkar til seg varulv- og filmentusiastar av allt slag for å nyte moderniseringa av denne klassikaren frå 1941, som originalt kunne skilte med store namn som Bela Lugosi og Lon Chaney Jr. Eg har sjølv ikkje hatt høve til å sjå denne nyinnspelinga, men eg er sjokkert av å lese at den er fullstendig uoriginal og har stole det meste frå ein av vår tids litterære og filmatiske klassikarar - Twilight! Ja, for det er visstnok Twilight: New Moon som først gav oss varulvar på film, og The Wolf Man kan ikkje måle seg, den kopierar alt og gjer det feil! I alle fall om ein skal tru ein meir eller mindre skrivefør Twilight-fan.

Replikkar som denne: "How can a werewolf be killed with a silver bullet?" Er berre ein av mange fine retoriske gullkorn frå unge Kayla Patterson, som bør nytast i sin heilheit. Eg vonar at de kan forstå at lesarbrev som dette gjer meg litt skeptisk til den oppveksande generasjonen og deira mediekonsum og generelle... forstand. Og eg skulle likt å tru at det berre gjaldt den jamne Twilight-fan, men eg fryktar nok at dette er eit langt meir omfattande problem. Det er dei som likar Harry Potter der ute òg.

Er det rart ein vert misantrop? Heldigvis finnes det dei som kjempar i mot, og om det er nokon av dykk meir ungdommelege lesarar som har lyst til å lære meir om varulvar, så er neste veke eit godt høve. Kvar dag neste veke, er det planen at min gode venn Ingar Thon skal vitje Radioselskapet på P2 og snakke om varulvar. Og dette temaet kan han godt, då han tidlegare har båe skrive bok om det og snakka om det på Absalong. Så, då er det berre å skru på radioen dykkar og lære.

7 kommentarer:

  1. Jeg har sett den nye ulvemannen, men ikke den gamle, så jeg kan ikke akkurat sammenligne, men den nye er egentlig en helt grei film. Bare ikke på noe sett og vis nyskapende eller kreativ, og neppe en fremtidig klassiker. Man kan se den uten å bli flau på regissørens vegne, og den er verdt en kort konversasjon i baren etterpå.
    Men ikke noe mer enn det.

    SvarSlett
  2. Endelig et påskudd til å linke til Warren Zevon, sier nå jeg:
    http://www.youtube.com/watch?v=7uV9xIzzcHg

    SvarSlett
  3. Supermarina: Som stor varulvfan har eg sjølvsagt umiddelbare planar om å få sett den, så snart tida strekk til.

    Svein: Treng vi påskot for Warren Zevon? Den låta var sjølvsagt på spelelista på allar første Absalong.

    SvarSlett
  4. Sånt eit fint og lystig avbrekk på ein ellers grå (eller helst kvit) mandag. Eg syns det fint med slike folk. Dei er god underhaldning.

    Synd for dei sjølv at dei blir så sinte. Om ikkje, hadde dei kanskje hatt energi til å oppdage alt det flotte dei tydelegvis har gått glipp av...

    SvarSlett
  5. Eg trur du viser ungdommen for mykje storsinn no, Bad Mynock.

    SvarSlett
  6. Sjølvsagt, Oh Mullah! Eg trudde ikkje anna. Og Kid Rock er ein snikar.

    SvarSlett
  7. Er det rart ein vert misantrop?

    For ikke å snakke om: Er det rart man blir lykantrop?

    SvarSlett