onsdag 17. mars 2010

Diskvalifisert bidrag

Det ramlar inn med bidrag av alle slag til den pågåande lyrikk-konkurransen, nokre er enkle og finurlege, medan andre er lange og innfløkte. Nokre er rørande, medan andre er simpelthen forstyrrande. Og nokre, som Lord-Bassington-Bassington sitt bidrag, kjem med ein solid bakgrunn. Kontekst er bra! Ein annan kategori er dei openbart diskvalifiserte, som dette eg nyleg mottok frå "Lord Buckethead", òg kjend som den bomullsplukkande Sambo:
Min Mullah er en bølle
han slår alltid lille krølle
Men Sambo vil slå tilbake
Og da får Mullah ingen kake!
Det var jo veldig underhaldande,em må jo av openbare grunner diskvalifiserast. Konkurransen var tross alt å skrive lyrikk som hedra mullaen, ikkje som sjikanerte han. Slår mullaen Sambo, har nok mullaen ein god grunn til å slå Sambo. Slik er det med den saka.


Det er som eg har sagt tidlegare denne veka framleis høve til å sende inn bidrag. Det eg lurar på, er om de ønskjer å lese desse bidraga når frista er gått ut, eller om eg berre skal annonsere vinnaren? Kva seier menigheita?

9 kommentarer:

  1. Eg kan ikkje forstå anna enn at du seinare i år må arrangere ein nidvise-konkurranse.

    Når det gjeld spørsmålet ditt, er det klart vi vil lese bidraga. I alle fall eit utdrag av dei beste.

    SvarSlett
  2. Kvafornoko?! Skal vi oppmode til denslags blasfemisk omtale av Profeten?!

    SvarSlett
  3. Det heile er jo sjølvsagt berre eit smart triks for å kunne identifisere og luke ut dei vantro hundane som lurar i kretsen rundt den høgtakta mullah.

    SvarSlett
  4. Insinuerar du at vi bør luke ut Lord Buckethead, og straffe han på eit vis?

    SvarSlett
  5. Lord Buckethead aka. Sambo18. mars 2010 kl. 12:21

    Hva er det jeg leser? Her tigger og gråter du deg til et lite dikt, og når jeg endelig gir etter og sender et lite på msn, så hevder du at det ikke holder å sende på msn, men at jeg må sende på mail for at det skal telle. men det er altså godt nok å sende på msn for å bli disket og sitert i din blogg? Dette holder ikke! Bleke hårball må knuses som en lus! The South Shall Rise... ehm... nei, vent nå litt...

    SvarSlett
  6. Klart vi vil lese! I hvert fall mitt. Og kvalifiseringsgruppa venter spent.

    SvarSlett
  7. Lord Buckethead sitt bidrag vart formelt registrert då det dukka opp i mailboksen. Om det var han sjølv som sendte det eller ikkje, speler jo inga rolle ;-)

    SvarSlett
  8. Mullah burde alltid få kake!

    - kake

    SvarSlett
  9. Nemleg! Og det er nett slike anti-kakehaldningar som vert demonstrert i dette diktet som diskvalifiserar det.

    SvarSlett