måndag 8. mars 2010

Ein tradisjonell kvinnedag

Ingen skal seie at mullaen ikkje er ein moderne mann. Han veit at det er den internasjonale kvinnedag. Og han veit at dette skal markerast. Kvinner har kjempa seg seg fram dei siste hundre åra, og det har vore ei lang reise. Og som den moderne mannen eg er, har eg tidvis valt å gå nokre steg i kvinner sine sko. Eller kvinnesko.

Alt ettersom.

Som mulla veit eg òg at eg har eit ansvar for å handheve tradisjonelle verdiar og gå foran som eit godt og konservativt førebilete. Dette tyder dog ikkje at ein ikkje skal markere ein moderne dag som kvinnedagen. Og det har ein gjort med brask og bram. Og i sentrum for feiringa står sjølvsagt ei kvinne.

Denne kvinna har i påvente av at mullaen kom heim frå kontoret jobba hardt med førebuingane av feiringa. Etter ein lang dag på kjøkkenet kunne ho ikkje berre servere mullaen ein solid biffmiddag, men òg heimelaga fastelavnsboller. Boller som i kraft av å ha mangla på den rette dagen, førte til ein nesten måned lang bollestreik som no, på kvinnedagen anno 2010 kan verte avblåst.

Så ingen skal seie at eg ikkje feirar kvinnedagen, eller at eg lar kvinna ta hovudsetet under feiringa. No bør eg sende henne på kjøkkenet for å vaske opp.

9 kommentarer:

  1. damn, du var heit i de skoene der!

    SvarSlett
  2. Tolo Von Grunge8. mars 2010 kl. 23:12

    Hahahaha, så fint du har kosa deg på kvinnedagen.

    SvarSlett
  3. Bak deg står det ei kvinne som vil køyre deg ned :p

    - Kake

    SvarSlett
  4. Var det ein trugsel, Kake? Eg er til ein kvar tid omringa av ei sverm med beundrarinner og tilhengjarar, så eg er rimeleg trygg i trafikken ;-)

    SvarSlett
  5. Kva for et nydeleg kvinnfolk som serverar fastelavensbollar og fjernkontrollararararar.

    SvarSlett
  6. Gjer ikkje alle anstendige kvinner det då? Eg forten såpass med oppvarting tykkjer eg. Eg er tross alt... meg!

    SvarSlett
  7. Kake snill

    Sikkert Ottar som kjøyre den malplasserte bilen bak deg.

    SvarSlett
  8. Slemme Ottar er alltid ute etter mullaen!

    SvarSlett