tysdag 30. mars 2010

Kva høyrer terroristar på?

I kjølvatnet av at Hutaree-militsen vart hekta for å planleggje ei rekkje "aksjonar" i USA, byrja eg å gruble. Eg ser at fleire kommentatorar der ute grublar på kvifor Dagbladet ikkje valte å omtale gruppa som ei terrorgruppe og dei planlagde handlingane som terrorisme. Det vert spekulert i at det er fordi dei ikkje er muslimar, men kristne endetidsfanatikarar, og at vår tids diskurs avgrensar terrorisme til valdshandlingar motivert av Islam eller liknande.

Personleg undra eg meg heller over kva som faktisk skapar ein terrorist. Ein vanleg floskel er at terror er dei undertrykte sitt våpen, det siste desperate utspelet til dei som ikkje har andre våpen. Dette er jo påviseleg sludder, dei kan hevde å kjempe dei undertrykte si sak så mykje dei vil, men bortskjemte akademikarar som kaprar fly, eller den kvite mellomklasse i USA som har råd til å kjøpe seg arsenal, er ikkje gode representantar for verdas ubemidla.

Om ein skal tale om ein ideell terrorisme så stammar den heller frå tenkjarar som Mikhail Bakunin, far til den russiske revolusjonære nihilismen, og ein av grunnpilarane i anarkistisk filosofi som oppmoda til å slå til mot representane for staten dei ville til livs. Det er likevel lite att blant dagens terroristar som kan minne om det han fabulerte om, og kor mykje av det han skreiv var for å terge sin rival Kalle Marx veit vi jo ikkje. Han var nok litt av ein skøyar.

Nei, vi må heller sjå på kva faktorar som speler inn for å gjere nokon til terrorist. Og vi som er oppvaksen på 80-talet veit at djevelen ligg ikkje i detaljane, men i notane! Det er musikken som driv menneske til onde gjerningar, enten det no er bombeattentat eller barneofring! Særleg musikk frå 80-talet! Eg var difor ikkje overraska over låta Hutaree-militsen hadde valt å leggje til denne rekrutteringsvideoen:


Puddelrock! Sjølvsagt! Ingenting for blodlysten til å stige meir hjå meg heller. Eg får lyst til å sprenge både det eine og det andre om eg høyrer for lenge på slikt.

Eg valte likevel å krype djupare ned i kaninholet, og eg burde sikkert ikkje vore overraska over kva eg fann der. Dei andre rekrutteringsvideoane deira hadde òg eit eiga musikals særpreg.


Ja, du høyrde rett...


Andrew Eldricht og Doctor Avalanche rocker kristenterrorisme. Sisters of Mercy, gothrockens mest gothete band, inspirerar til kristenterror.

Så dei hadde rett. Rock og goth, det er skummel og valdsprovoserande musikk. Eg lurar på kva vi finn i Osama bin Laden si platehylle? Eg vonar for hans del at han har Sisters of Mercy sin Floodland, pinadø ei bra plate det.

13 kommentarer:

  1. Herlig! Får vi en reprise av musikkhysteriet etter Columbine, mon tro?

    SvarSlett
  2. Ja, eg vonar det. Eg har iallefall gjort mitt for å sparke det heile i gang, det er opp til resten av dykkk å følgje opp. Du har vel noko på lagar?

    SvarSlett
  3. Nei, ikke egentlig. Jeg liker litt roligere musikk jeg vet du.
    http://babiesgo.ca/babies-go-acdc.html

    SvarSlett
  4. Ain't nothin' to it, gansta rap made me do it
    http://www.youtube.com/watch?v=HzeZhCt5PVA

    SvarSlett
  5. De folkene der har jo en rik tradisjon å slekte på. Kristen høyreorientert ideologisk motivert terror i USA skriver seg jo faktisk helt tilbake til 1865, hele seks år før Bakunin formulerte sine tanker om det samme (som forøvrig ikke ble koblet til vold før den Internasjonale Anarkistkongressen i Italia i 1875 - såvidt jeg vet).

    SvarSlett
  6. Islamister er og blir lysår tøffere enn disse Jesus-krigerne. Det blir liksom feil alt sammen. Fra skjeggpryd til bevæpning.

    SvarSlett
  7. Enig med Superftitz. Chatta med noen av gutta i gruppa på Facebook, ga dem linken, og de mente disse ikke ville holdt lenge i..... mja der gutta har vært.

    SvarSlett
  8. Det eksisterer faktisk en viktig musikkhistorisk link mellom Al-Quaida og The Beatles.

    11. september 1962 spilte Beatles inn sin første single, Love Me Do. På dagen 39 år etter traff to fly World Trade Center.

    Tilfeldig?

    SvarSlett
  9. Lord Bassington-Bassington: Den musikken der trur eg kunne provosert fram ganske så søte terroraksjonar.

    Indigo: Ja, sjølvsame video har vore i bloggen tidlegare - http://profetenhastur.blogspot.com/2008/09/litt-punk-litt-hip-hop.html

    Thule: Du har sjølvsagt heilt rett. Kristenterror kan ein spore heilt attende til Romerriket. Det avslørte jo Nero!

    Superfritz: Så klabbert! Difor Islam er ein overlegen religion.

    Svein: Og kjenner eg dine gutar rett, så er staden dei har vore ein festleg stad gitt.

    Snirkelsnorkel: Trur det ligg ein artikkel i dette.

    SvarSlett
  10. Jeg vedder herved en flaske montenegrinsk rødvin på at våre hjemlige konspibuffs snart vil utrope disse gutta til helter. Noen som vedder mot?

    SvarSlett
  11. Eg vil aldri vedde imot deg på noko slikt. Alvorleg tala, eg byrjar å mistenkje at du sitt i redaksjonen av Nyhetsspeilet ;-D

    SvarSlett
  12. "Guns don't kill people, rappers do"

    men av en eller annen grunn får jeg meg ikke til å tro at hiphopkulturen er stueren hverken hos våre kristne venner her over eller hos bokstudentene der i sør...

    SvarSlett
  13. Tja... er ikkje fleire av desse rapperane kristne då? *sjekke platehylla* Jovisst faen. Baptistkristne eller Nation of Islam...

    SvarSlett