søndag 14. mars 2010

Rocky Horror Show, på norsk att.

I samband med studentteateret Immaturus i Bergen sitt 20års jubileum, har dei valt å vende seg mot ein av dei store klassikarane, Richard O'Brien sin Rocky Horror Show frå 1973. Om du ikkje er kjend med forteljinga om Janet og Brad. Heldigvis vart stykket filmatisert allereie i 1974 som Rocky Horror Picture Show, som idag er rekna som kultfilmen over alle kultfilmar, og deira nedrige eskapader under innflyting av Frank N. Furter er dette noko du bør straks gjere noko med. Gjennom filmen har ungdommar verda over blitt kjend med den hippe transvestitten Frank, som gjennom sang, dans og rå seksualitet forførar både Brad og Janet, og alle andre han kjem over. Frank N. Furter er ein av dei karakterane i teater- og filmhistoria din mulla mest identifiserar seg med. Og det vart ikkje mindre sant av å bivåne Immaturus si framføring denne laurdagen.

Immaturus har oppsøkt ein av Noregs store perler, når dei har gravd fram den norske omsetjinga av Rocky Horror Show frå 1977. Det var teaterlegenden Toralv Maurstad som tok initiativ til denne norske versjonen, etter han hadde sett stykket i London fire år tidlegare. Han var frå seg av begeistring, og var overtydd om at dette måtte ein få til i Noreg. Som teatersjef ved Oslo Nye Teater var dette fullt mogleg å gjennomføre. Han fekk hjelp av Ole Paus og Johan Fillinger som omsatte det engelske stykket til norsk. Og for ei omsetjing det vart. Tidvis pinsamt, men for det meste saftig og vulgært. Den allereie flotte engelske strofa "Toucha-toucha-touch me! I wanna feel dirty" vart på norsk noko så vidunderleg som "Ta meg! Ta meg! Ta meg! Bruk meg som et ludder!", og "Sweet Transvestite" vart til "Hipp Transvestitt". Av Rocky Horror-entusiastar verda over er den norske omsetjinga rekna som ei perle. Og du kan laste ned og høyre gjennom innspelinga med originalbesetninga her. Og ja, det er Jahn Teigen som har rolla til O'Brien som Riff-Raff.

Sjølv har eg berre hatt gleda av å nyte desse opptaka, og aldri hatt høve til å sjå ei framføring av denne norske versjonen av Rocky Horror Show. Det var difor ikkje noko tvil om at eg skulle plante mi søte rumpe på ein av benkeradane og bivåne showet. Kunne dei klare å gjere ære på materialet, eller ville dei berre gjere kål på det? Dei har tatt seg visse fridomar med '77-materialet. først og framst har dei haldt på den engelske versjonen av "Eddies sang" eller "Hot patootie" (evt. "Laurdagskvelden" i den islandske omsetjinga), og det pure Oslomålet, er erstatta med ulike vestlandske dialektar og pen bergensk. Og det fungerar bra. Veldig bra. Eg var skeptisk til å byrje med, då Oslomålet fungerar veldig bra til dette stykket, men Immaturus klarte kjapt å overtyde meg om at desse låtene fungerar både med a-endingar og rulle-r.

Kanskje mest vågalt, og desto meir vellukka var å satse på ein 150-kilos Frank N. Furter. Ein stor herremann i korsett er simpelthen utruleg sexy, så veit vi det. Særleg når han tafsar på unge menn, både med og utan musklar.

Dei hadde òg valt å gjere Eddie til Edna, og dermed få inn litt fleire lesbiske undertoner. Fungerte det? Merka ikkje forskjellen for å vere ærleg. Eddie er ikkje ein karakter stort sett er i bakgrunnen av historia, og som berre glimrar i ei scene, den føromtalte "Eddies sang". Edna var bra, og levde heilt opp til rolla som røff bikerchick, men der sa det stopp. Scena har aldri vore min favoritt, og i filmen er den simpelthen leveleg takka vere Meatloaf si tolking av Eddie.

I løpet av stykket fekk dei litt tekniske problem, mest med mikrofonen til Frank. Heldigvis hadde han ei kraftig stemme som kasta seg godt rundt i salen. Så eg valte å gje teknisk ansvarleg ein klem på veg ut døra. At teknisk ansvarleg er ein fast lesar, har sjølvsagt ingenting med saka å gjere.

Stykket som heilheit gjev eg tommelen opp. Det er lenge sidan eg har glist så mykje, så lenge som denne laurdagen. Produksjonsansvarlege hadde valt ut gode ungdommar til dei ulike rollene, og ein kunne storkose seg med Rocky sine herlege sjølvdiggande sprell, og i Jannes erotiske oppvakning. Vil faktisk pause litt ved Janne. Pen bergensk, søt pike, seksuell kraft og frekkhet boblande under overflata. Kan eg få lov å seie at eg heildigga henne? Line Stokland Røthing skal vere stolt av å ha klart å fange Janne/Janet så godt, og ved sida av Thomas Trettenes sin Frank N. Furter, var ho eit høgdepunkt denne kvelden. Dette tyder ikkje at dei andre var dårlege, nei, langtderifrå. Det virka som om dei hadde det gøy på scena. Slikt kan ein jo sjå. Og denne gleda smitta godt over til publikum som lo og godta seg gjennom heile galskapen.

Eg er ingen teaterviter, så eg skal ikkje skrive noko vidare omtale av stykket her. Eg vil berre anbefale mine lesarar som er i Bergen om å få med seg stykket medan det går denne veka. Det er framføringar den 15., 16., 18. og 19., samt ei midnattsframføring laurdag 20. mars. Vurderar faktisk å gå på ny. Premiera var utsolgt, og dei andre billettane går nok snøgt dei òg, så grip sjansen! Don't dream it! Be it!

6 kommentarer:

  1. Tror du bør korrekturlese denne. Er noen setninger som ikke helt henger på grep.
    F.eks: "som idag er rekna som k, og deira nedrige eskaper under innflyting av Frank N. Furter er dette noko du bør straks gjere noko medultfilmen over alle kultfilmar."

    SvarSlett
  2. Denne drittmaskina lev sitt eiga liv. Min stasjonære PC er død. Skal fikse det.

    SvarSlett
  3. Er det ikkje på sin plass med ein lenk til omtalen min? (;

    Har forresten overtyda fem kjenningar til å vere med meg på torsdag for å sjå musikalen på nytt. Får berre håpe det ikkje er utseld allereie. Sleng deg gjerne med!

    SvarSlett
  4. Full mogleg å lenke i kommentarfeltet, Janne. Eg hadde ikkje sett omtalen din før eg la ut innlegget.

    Skal sjå om eg dukkar opp att, det var absolutt moro, men tid er mangelvare denne veka :-)

    SvarSlett
  5. Gir du beskjed om det blir til at du går igjen. Har veldig lyst, men veit ikkje om eg får det til.

    SvarSlett
  6. Tidsklemma pressar på oss alle. Men kombinasjonen Are Kalvø og Rocky Horror Show på laurdag fristar jo litt...

    SvarSlett